Hopp til innhald

Lisle Gyvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. oktober 2012 kl. 11:14 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Hakefjellet (bestemt form))
Lille Gyvatn med Hakefjellet og Vestre Trældal

Lille Gyvatn er eit vatn i Bygland vesthei. Det ligg nord for Gyvatn og vest for Melejuvet like ved Hakefjellet og Skeisknuten. Lille Gyvatn ligg 565 moh.

Det renn inn to større bekkar i Lille Gyvatn, side om side. Gybekken kjem frå Vestre Trældal og Hukebuåni kjem frå Austre Trældal og Hukebuvatn. Båe bekkane er djupe og vanskelege å koma over i nedre del, men ved Åsdølsvadet stikk det opp høvelege steinar ein kan trø på. Namnet fortel om tidlegare samkvem mellom Setesdal og Åseral. Samla renn vatnet vidare inn i Melejuvet under namnet Meleåni. Til sist endar vatnet ut i Byglandsfjorden etter å ha gjort nytte for seg i turbinane til Melefallet kraftverk.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...