Topsæ stokkebåten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. januar 2019 kl. 09:38 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Topsæ sett frå Pilegrimheii.
Foto: Knut Eldhuset (1958)
Topsæ stokkebåten.
Topsæ stokkebåten.
Topsæ stokkebåten.
Topsæ stokkebåten.

Topsæ stokkebåten blei først oppdaga av Torstein Haugen (1893) i 1921. Båten låg på 3-4 meters djup i Timrevika der pila ute på vatnet peikar. Torgrim og Knut Eldhuset (1958), Aasmund K. Eldhuset og sønene hans Knut og Kjell Arne låg nokre dagar i Nedre og Øvre Løyningsli (sjå pila nede i biletet) i august 1973. Dei rodde med ein pråm som Torgrim hadde laga nokre år tidlegare. Båten som var delt i to blei seinare på hausten boren frå Jarnverk, som ligg i bukta heilt til venstre i biletet, 4 km over heia til Hovatn der bilvegen slutta. Det var Knut Eldhuset (1958), Ånund Eldhuset og Svein Rusten (ein gymnasklasse kamerat til Ånund) som bar båten. Ei prøve av båten blei datert til Vikingtida ved laboratoriet for radiologisk datering på NTH i Trondheim. Ein dateringsmetode gav som resultat 1170 +/- 70 år og ein anna metode 830 +/- 100 år.

Kjelder

Norgeskart.no