Hommsfjødd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2022 kl. 16:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Vetefjell)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Hommsfjødd Valle 011216.jpg
Hommsfjødd sett frå Tveitebø.

Hommsfjødd er eit svært fjell (950 moh.) like nord for grenda Homme ca. tre kilometer nord for Valle sentrum. Setesdal lagar ein sving her, og går eit stykke i retning aust-vest. Hommsfjødd ligg difor «på tvers» av hovudretninga i dalføret. På toppen av fjellet stikk det opp ein karakteristisk knatt, kalla Hommstol. Her skal det ha vore vete i gamle dagar. Høgda på toppen av knatten er 1034 moh. I vestre enden av Homsfjødd ligg det mykje mindre, men meir kjende fjellet Einang.

Kjelder

Kart

Laster kart ...