Hopp til innhald

Austenå

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mars 2017 kl. 01:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Fil:Monen Austenå Tovdal 040317.jpg
Noko av Austenå med småbruket Monen i framgrunnen.

Austenå er ein gard og ei grend nord i Tovdal i Åmli kommune. Fv-272 går nordover frå Bås til Austenå og vidare til øvste garden i Tovdal, Dale. Tovdalselva renn forbi Austenå. På dette strekket vidar elva seg ut, og lagar Vrålstadvatnet. Nord for Austenå lagar elva den store fossen Staddaren.

Historie

Det er funne fleire gravhaugar på Austenå, på vestsida av Tovdalselva. Det har såleis sikkert budd folk her frå før landet vart kristna. Her er det også merke etter ein gamal kyrkjegardsmur, og graver kring han. Langt tilbake i tid er det derfor truleg at det budde flest folk på Austenå, for kyrkjene blei oftast reist i sentrum. Segna seier at det kom folk frå både Fyresdal og Setesdal for å gravlegge sine døde ved kyrkja på Austenå. Seinare blei kyrkja flytta lenger ut i dalen, til Hillestad.

Birgit Gunsteinsdotter Austenå kom frå Tovdal og gifta seg med Mikkjel Gunnarson Skomedal i NordgardenSkomedal i Bygland. Dette var på andre halvdel av 1600-talet. Med Birgit kom såleis det seinare så kjende Gunstein-namnet inn på Nordre Skomedal. Lokalhistorikaren Sigmund Monen i Evje og Hornnes kjem frå småbruket Monen på Austenå.

Kjelder

  • Kapittelet om Tovdal, i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 707-717
  • Kart på nettsida til Statens Kartverk
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 374

Kart

Laster kart ...