Heimigard Rysstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. februar 2017 kl. 00:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt historie)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Heimigard Rysstad 180217.jpg
Heimigard Rysstad ligg like ved Riksveg 9.
Fil:Heimigard Rysstad våningshus og loft 180217.jpg
Våningshuset og loftet.
Foto: Geir Daasvatn

Heimigard Rysstad er eit gardsbruk (gnr. 68 bnr. 1) på Rysstad i Hylestad. Marton Laksesvela og kona Anna Olavsdotter Rysstad forpaktar eigedomen.

Løa på bruket er bygd før Svartedauden (1349-1350), og er ca 700 år gamal. Løa er truleg den eldste i Noreg. Loftet (stabburet) på garden er også frå tida før Svartedauden. Den eldste delen av våningshuset er frå slutten av 1400-talet.

Historie

Det er rimeleg å tru at Rysstad var einbølt i 1576, heiter det i gards- og ættesoga for Hylestad. Ein gong før 1647 har så Andres og Åsulv Ånundssøner delt eigedomen etter far sin Ånund Knutsson Rysstad. Andres blei verande med Heimigard.

Kjelder

Fil:Heimigard Rysstad løa 180217.jpg
Den eldgamle løa var under restaurering vinteren 2017.
Foto: Geir Daasvatn