Bygdeborga på Kallshovet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. august 2016 kl. 10:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdeborga på Kallshovet ligg nær toppen av fjellet KallshovetKallhovd i Hornnes. Her kan ein nokså sikkert gå ut frå at det har vore bygdeborg, då det ligg tydelege restar etter ein nedramla steinmur like under toppen, mot vest.[1] Kallshovet er stupbratt ned mot Dåsåna i sør og svært bratt mot aust og nord. Den lagelegaste staden å kome opp på fjellet er i nord-vest, akkurat der restane etter den nedramla muren ligg i terrenget.

Det er ikkje gjort vitskaplege undersøkingar av bygdeborga på Kallshovet. Alderen er derfor usikker. Men det er ei vanleg meining mellom arkeologane, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at bygdeborgene er frå folkevandringstid og sein romartid. Arkeolog Perry Rolfsen har argumentert for at denne tidfestinga kan vere for trong, og at bygdeborgene kan ha vore i bruk over eit langt større tidsrom.[2]

Kallshovet ligg som dei andre bygdeborgene i kommunen sentralt langs ferdslevegar i tida. Under fjellet gjekk vegen mellom Hornnes og Åseral. Litt nord for Kallshovet ligg Støylen. I gamal tid kom ein ferdsleveg frå Setesdal ned her. Vegen gjekk vidare til Lauvås i Hægeland og kom ned i dalen ved Kile.<ref>Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, side 50>/ref>

Referansar

<references>

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 50
  2. Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, side 51