Torgeir Lund-bygget
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Torgeir Lund-bygget er eit forretningsbygg i Evje sentrum. Det ligg på austsida av sentrumsgata, nord for Sagatunbygget. Naboeigedom i nord er bygget som huser Intersport Evje. I dag (2016) disponerer butikken Kjøkken & Hjem 1. etasje i bygget, saman med Jaktcompagniet Evje. I 2. etasje held verksemda Merkantil Service Evje til.
Historie
Torgeir Lund kom frå Valle til Evje og starta forretning på denne tomta 30. november 1931. Lund overtok eigedomen, som på denne tida vart kalla Vonheim, frå handelsmannen John Dalane. Dalane hadde då drive eigen handelsverksemd her sidan hausten 1921.