Evje nikkelverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. oktober 2016 kl. 08:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje nikkelverk var eit smelteverk på Evje for nikkelmalm frå Flåt gruve i Mykleåsen i Flatebygd. Verket var med eit par avbrekk i drift frå 1873 til 1946.

I juni 1873 blei det gjeve kongeleg konsesjon til bygging av ei smeltehytte i Evje sokn. Smeltehytta vart bygd og sett i drift same året i Fossvik på austsida av Fennefossen i dåverande Evje kommune.

I dag planlegg Agder Energi Vannkraft AS utbygging av Fennefoss kraftverk i det same området som det gamle smelteverket låg.

Kjelder

Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeven av Evje og Hornnes sogelag, 2000