Nordåni (Skreland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. juni 2015 kl. 10:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke til bilete av elva)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordåni rett nedanfor Nordåni småkraftverk i Jordalsbø.

Nordåni (Skreland) er ei elv i området rundt Skreland og Jordalsbø i Bygland kommune. Elva renn ut av Asbjørnstøylvatn på heia nord-aust for Skreland, sørover lia aust for Skreland og vidare nedover i terrenget på vestsida av busetnaden i Jordalsbø, før ho renn ut i den større Søråni om lag 1,5 km aust for Bygland sentrum. Dei to elvene renn saman det siste stykket ned til Byglandsfjorden, og kallast då Kvålsåna.

Fallet i Nordåni nyttast til kraftproduksjon i Nordåni småkraftverk på Jordalsbø. Kraftverket har ikkje eige magasin, men nyttar vatnet i elva.

Kjelder

Eksterne lenker