Hopp til innhald

Lisle Gyvatn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Hakefjellet (bestemt form)
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: )
Line 8: Line 8:


==Kart==
==Kart==
{{#display_points:58.765901, 7.68801 |zoom=12| width=99%|type=terrain}}
{{#display_points: 58.765901, 7.68801 |zoom=12| width=99%|type=terrain}}


[[Kategori:Vatn i Bygland]]
[[Kategori:Vatn i Bygland]]

Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 12:06

Lille Gyvatn med Hakefjellet og Vestre Trældal

Lille Gyvatn er eit vatn i Bygland vesthei. Det ligg nord for Gyvatn og vest for Melejuvet like ved Hakefjellet og Skeisknuten. Lille Gyvatn ligg 565 moh.

Det renn inn to større bekkar i Lille Gyvatn, side om side. Gybekken kjem frå Vestre Trældal og Hukebuåni kjem frå Austre Trældal og Hukebuvatn. Båe bekkane er djupe og vanskelege å koma over i nedre del, men ved Åsdølsvadet stikk det opp høvelege steinar ein kan trø på. Namnet fortel om tidlegare samkvem mellom Setesdal og Åseral. Samla renn vatnet vidare inn i Melejuvet under namnet Meleåni. Til sist endar vatnet ut i Byglandsfjorden etter å ha gjort nytte for seg i turbinane til Melefallet kraftverk.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...