Prestefossen hengebru: Skilnad mellom versjonar
Ny side: '''Denne hengebrua går over Otra,''' mellom Nomeland og Valle sentrum, og har i alle år blitt nytta av gåande og syklande. Brua har gjennom åra pryda postkort og vore eit... |
s Bilete |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Prestefossen hengebru.jpg|miniatyr|300px|Hengebrua frå 1930-talet var ein snarveg mellom Nomeland og Valle sentrum.{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]] | |||
'''Denne hengebrua går over [[Otra]],''' mellom [[Nomeland]] og [[Valle]] sentrum, og har i alle år blitt nytta av gåande og syklande. Brua har gjennom åra pryda postkort og vore eit kjent trekk i vallebygda. Men under ein kontroll i 2007 vart det avdekka alvorlege manglar på berekablar og tårn, slik at brua vart stengd med det same. Ein ynskte å få til ein tilstandsrapport for finna ut kva ein skulle gjera, anten fjerning, opprusting eller ny bru. | '''Denne hengebrua går over [[Otra]],''' mellom [[Nomeland]] og [[Valle]] sentrum, og har i alle år blitt nytta av gåande og syklande. Brua har gjennom åra pryda postkort og vore eit kjent trekk i vallebygda. Men under ein kontroll i 2007 vart det avdekka alvorlege manglar på berekablar og tårn, slik at brua vart stengd med det same. Ein ynskte å få til ein tilstandsrapport for finna ut kva ein skulle gjera, anten fjerning, opprusting eller ny bru. | ||
Versjonen frå 11. oktober 2013 kl. 23:27

Denne hengebrua går over Otra, mellom Nomeland og Valle sentrum, og har i alle år blitt nytta av gåande og syklande. Brua har gjennom åra pryda postkort og vore eit kjent trekk i vallebygda. Men under ein kontroll i 2007 vart det avdekka alvorlege manglar på berekablar og tårn, slik at brua vart stengd med det same. Ein ynskte å få til ein tilstandsrapport for finna ut kva ein skulle gjera, anten fjerning, opprusting eller ny bru.
Kommunal sakshansaming om bruspørsmålet
Etter 4 år, i 2011, etterlyste Steinar Kyrvestad ei snarleg løysing på spørsmålet om bruas lagnad.
Så i februar 2012 ville Valle formannskap setje ned ei arbeidsgruppe som skulle freiste å finna ut kva ein skulle gjera med brua. Ordførar Tarald Myrum meinte det var mest ynskjeleg å anten restaurera brua, eller erstatta ho med ein annan brutype.
Arbeidsgruppa kom i juli 2012 fram til at det måtte byggjast ei ny bru over elva sidan den gamle var alt for øydelagt. Antyda pris var på 3 mill. kroner, og ein kunne få hjelp til desse kostnadane frå ulike hald. Ynskjet var at ei ny bru måtte bli nokså lik den gamle.
I august 2012 gjekk eit samrøystes formannskap inn for eit forprosjekt, og løyvde 75 000 kr. til dette. Arbeidsgruppa antyda at ei restaurering var mest ynskjeleg, om det let seg gjera.
Nokre månader seinare, i desember 2012, meinte leier for arbeidsgruppa, Astrid Kyte, å sjå ljos i enden av tunnelen. I eit intervju kunne ho fortelje at eigentleg har ein halde på med arbeid for betre bru i 25 år. Brua er frå 1930-talet, og alt i 1979 hadde ein sett i gong eit prosjekt for ny bru, hadde fått teikningar klare og kostnaden var kalkulert til 300 000 kr. Sidan vart saka liggande. Arbeidsgruppa var nå klar på at ein ville ha ei ny og grei bru, også høveleg for rullestolbrukarar, men ikkje noko kostbar arkitektonisk nyvinning. Planen var å setje av midlar til ny bru i 2014.
Kjelder
- Hege Synnøve Rysstad: Måtte stenge hengebrua i Valle. Setesdølen nr. 88, 2007, 6. nov. side 1,12.
- Ole Birger Lien: Hengebrua har stått stengt lenge nok. Setesdølen nr. 97, 2011, 9. des. side 5.
- Ole Birger Lien: Arbeidsgruppe for hengebrua. Setesdølen nr. 13, 2012, 14. feb. side 4.
- Ole Birger Lien: Må bygge ny hengebru i Valle. Setesdølen nr. 52, 2012, 3. juli side 8.
- Ole Birger Lien: Vil i gang med forprosjekt for brua. Setesdølen nr. 67, 2012, 24. aug. side 2.
- Ole Birger Lien: Sakshansaminga har teke 25 år! Setesdølen nr. 97, 2012, 7. des. side 4.