Hopp til innhald

Hovdebru: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av brua
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 15: Line 15:


== Kart ==
== Kart ==
{{#display_map: 59.56135319177021,7.352315405262551~Hovdebru Bykle}}





Versjonen frå 1. oktober 2024 kl. 11:06

Hovdebru 27. september 2024.

Hovdebru går over Otra nær Hovden sentrum. Det er ei stålbjelkebru. Ho er nytta som gang- og sykkelbru.

Historie

Den første brua her var ei skotlagsbru (utleggsbru), bygd privat i 1891. Ho førde til at folk frå Breive heller ville gå på austsida av Otra nedover til Hoslemohylen der dei laut ro over elva, og at folk gjekk stadig meir bort frå å gå den gamle offentlege ridevegen (Ålmannvegen) frå Breive på vestsida av Otra nedover til Hoslemo.

Den andre Hovdebru var ei tresprengverksbru, kan hende bygd i 1915 då ho vart ein lekk i ein halvannan meter brei planert offentleg rideveg frå Breive om Hovdebru og langs austsida av Otra ned til Berdalsbru som då låg ferdig. Likevel vart Hovdebru som tresprengverksbru bygd i full køyrebanebreidd for å take imot den planlagde køyrevegen til Breive. Den halvannan meter breie planerte ridevegen vart utvida til full køyrebanebreidd i 1939.

Den tredje og nåverande Hovdebru vart truleg bygd i 1943 (eller 1950?). Ho var ein lekk i Breivevegen fram til 1983, då det i staden vart bygd betongbru over elva litt lenger nede.

Kjelder

Kart

Laster kart ...