Hovdebru: Skilnad mellom versjonar
s Formatering |
s Lenke Ålmannvegen |
||
| Line 3: | Line 3: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Den første brua her var ei skotlagsbru (utleggsbru), bygd privat i 1891. Ho førde til at folk frå Breive heller ville gå på austsida av Otra nedover til [[Hoslemohylen]] der dei laut ro over elva, og at folk gjekk stadig meir bort frå å gå den gamle offentlege ridevegen (Ålmannvegen) frå [[Breive]] på vestsida av Otra nedover til [[Hoslemo]]. | Den første brua her var ei skotlagsbru (utleggsbru), bygd privat i 1891. Ho førde til at folk frå Breive heller ville gå på austsida av Otra nedover til [[Hoslemohylen]] der dei laut ro over elva, og at folk gjekk stadig meir bort frå å gå den gamle offentlege ridevegen ([[Ålmannvegen]]) frå [[Breive]] på vestsida av Otra nedover til [[Hoslemo]]. | ||
Den andre Hovdebru var ei tresprengverksbru, kan hende bygd i 1915 då ho vart ein lekk i ein halvannan meter brei planert offentleg rideveg frå Breive om Hovdebru og langs austsida av Otra ned til [[Berdalsbru]] som då låg ferdig. Likevel vart Hovdebru som tresprengverksbru bygd i full køyrebanebreidd for å take imot den planlagde køyrevegen til Breive. Den halvannan meter breie planerte ridevegen vart utvida til full køyrebanebreidd i 1939. | Den andre Hovdebru var ei tresprengverksbru, kan hende bygd i 1915 då ho vart ein lekk i ein halvannan meter brei planert offentleg rideveg frå Breive om Hovdebru og langs austsida av Otra ned til [[Berdalsbru]] som då låg ferdig. Likevel vart Hovdebru som tresprengverksbru bygd i full køyrebanebreidd for å take imot den planlagde køyrevegen til Breive. Den halvannan meter breie planerte ridevegen vart utvida til full køyrebanebreidd i 1939. | ||
Versjonen frå 1. oktober 2024 kl. 10:58
Hovdebru går over Otra nær Hovden sentrum. Det er ei stålbjelkebru. Ho er nytta som gang- og sykkelbru.
Historie
Den første brua her var ei skotlagsbru (utleggsbru), bygd privat i 1891. Ho førde til at folk frå Breive heller ville gå på austsida av Otra nedover til Hoslemohylen der dei laut ro over elva, og at folk gjekk stadig meir bort frå å gå den gamle offentlege ridevegen (Ålmannvegen) frå Breive på vestsida av Otra nedover til Hoslemo.
Den andre Hovdebru var ei tresprengverksbru, kan hende bygd i 1915 då ho vart ein lekk i ein halvannan meter brei planert offentleg rideveg frå Breive om Hovdebru og langs austsida av Otra ned til Berdalsbru som då låg ferdig. Likevel vart Hovdebru som tresprengverksbru bygd i full køyrebanebreidd for å take imot den planlagde køyrevegen til Breive. Den halvannan meter breie planerte ridevegen vart utvida til full køyrebanebreidd i 1939.
Den tredje og nåverande Hovdebru vart truleg bygd i 1943 (eller 1950?). Ho var ein lekk i Breivevegen fram til 1983, då det i staden vart bygd betongbru over elva litt lenger nede.
Kjelder
- Artikkelen om Hovdebru på Kulturminnesok.no
- Leonhard Jansen, Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 174–175