Vatnedalen (Bykle gnr. 6): Skilnad mellom versjonar
s Føyd til litt om tidspunkt for neddemming |
s →Kart: byttet ut det gamle som ikke lenger fungerte |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
*[https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=10&lat=6620753.23&lon=61130.98 Vatnedalen på Norgeskart.no] | |||
[[Kategori:Garder i Bykle]] | [[Kategori:Garder i Bykle]] | ||
Versjonen frå 12. februar 2023 kl. 07:30


Vatnedalen er ein gard (gnr. 6) i Bykle. Vatnedalsbruka låg på rad og rekke på ei landstripe på nordsida av Vatndalsvatnet, nesten heilt oppe i vestenden av vatnet. Etter regulering av Vatnedalsvatnet i fleire omgangar frå 1917 til 1983 er jorda neddemde, men tuftene kan ein framleis sjå.
Gardsvaldet er stort. Det har terreng på båe sider av Ormsavatnet og Vatnedalsvatnet, frå grensa mot Rogaland i vest til Otra i aust. I alt skal garden vere på 216 153 mål. Av dette er vel 26 000 mål vatn, elles er storparten hei og fjellvidder.
Dei fleste av bruka i Vatnedalen vart fråflytta i 1917, i samband med den første reguleringa av Vatndalsvatnet. To huslydar flytta til Skarketjønndalen ved austenden av Vatnedalsvatnet og rydda og dyrka opp der, ein huslyd flytta til Løyning og ein til Vats i Ryfylke.
Historie
Den eldste busetnaden i garden er truleg frå før Svartedauden (før år 1350). Kanskje har det vore fastbuande her heilt sidan 500-talet, med eit avbrot på 200–300 år etter Svartedauden.
Heimar og bruk
Kjelder
- Aanund Olsnes om Vatnedalen i Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki
- Bjarne Tveiten, Vatnedalen, artikkel i Jol i Setesdal 2007, side 18–20