Hallandsbrua: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Presisert en kategori |
s Dobbeltkategorisering |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Bruer over Otra]] | [[Kategori:Bruer over Otra]] | ||
[[Kategori:Valle]] | [[Kategori:Valle]] | ||
Siste versjonen frå 5. april 2022 kl. 17:12

Foto: Geir Daasvatn
Hallandsbrua er ei sprengverksbru i stål over Otra på Fylkesveg 331 rett nord for Hallandsfossen, ca ein kilometer sør for Valle sentrum. Brua er bygd i 1961.
Historie

Foto: Knud Knudsen/Nasjonalbiblioteket
Det har vore tre bruer på denne staden. Den første vart bygd i 1870. Ho vart skifta ut i 1895. Brua frå 1895 var ei sprengverksbru i tømmer. Brukara står framleis like inntil dagens bru. Dei gamle bruene figurerer på mange kjende historiske bilete, og er kanskje dei mest fotograferte bruene i heile Setesdal.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, side 172-173
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 414