Brokke Sør: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Lenkefiks Lisle Myklevatn |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Etableringer i 2014]] | [[Kategori:Etableringer i 2014]] | ||
[[Kategori:Næringsliv i Valle]] | [[Kategori:Næringsliv i Valle]] | ||
[[Kategori:Hylestad]] | |||
Siste versjonen frå 16. februar 2022 kl. 10:15
Brokke Sør var eit utbyggingsprosjekt i Otravassdraget 2012–2014. Det blei utført samstundes som Brokke Nord og Skarg kraftstasjon. Otra Kraft stod bak prosjektet. Veidekke var hovudentreprenør. Nomeland Anlegg var underentreprenør.
I Brokke Sør er det sprengt ut ein 7,3 km lang tunnel for å føre meir vatn til Brokke kraftverk. Vatnet kjem frå inntak i Strendetjørnbekken, Lisle Myklevatn og Fjellskarå. Den nye tunnelen er kopla saman med den eksisterande tunnelen ved Faråne i Brokke. I tillegg er det laga ein tunnel på 750 meter for å overføre Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn.
Tunnelane i Brokke Sør er 15 kvadratmeter store, omtrent 3,5 m breie og 4,5 m høge. Massen frå tunnelane er lagt i fleire tippområde tilpassa terrenget.
Kjelder
- Otra Kraft, Informasjonsbrosjyre Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk