Suldal: Skilnad mellom versjonar
s →Kjelder |
s Ekstern lenke |
||
| Line 18: | Line 18: | ||
*[[Harald Flå]] (red.), ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'', [[Friluftsforlaget]], 2008, side 223 | *[[Harald Flå]] (red.), ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'', [[Friluftsforlaget]], 2008, side 223 | ||
*[[Olav M. Holen]], ''[[Nordbygdi - slik ho var]]'', eige forlag, 2. utgåve 2013, side 107 flg. | *[[Olav M. Holen]], ''[[Nordbygdi - slik ho var]]'', eige forlag, 2. utgåve 2013, side 107 flg. | ||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://www.visitsuldal.no/ Visit Suldal] | |||
[[Kategori:Rogaland]] | [[Kategori:Rogaland]] | ||
[[Kategori:Suldal]] | [[Kategori:Suldal]] | ||
Versjonen frå 10. februar 2022 kl. 10:39
Suldal er ein kommune i Ryfylke, nord-aust i Rogaland. Han grensar i nord mot Sauda, Etne og Odda, i aust mot Vinje og Bykle, i sør mot Hjelmeland, og i vest mot Vindafjord.
Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet.
Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. Blåsjø er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen.
Kommunesenteret er Sand, som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter.
Suldal – Setesdal
Bøndene i Setesdal i jernalderen måtte over fjellet i vest eller nord-vest for å dekke behovet for mellom anna salt og såkorn. Heilt fram til Postvegen kom gjennom Setesdal midt på 1840-talet, var fjellvegane vestover dei mest naturlege bindeledda til omverda. Kortaste vegen mellom aust og vest var det lengst nord i Setesdalsheiane, mellom Breive i Bykle og Roaldkvam i den indre enden av Suldalsvatnet. Strekninga var bare 25–30 km.
Sjå også
Kjelder
- Artikkelen om Suldal på Wikipedia
- Om Suldal på heimesida til Suldal kommune
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 223
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, eige forlag, 2. utgåve 2013, side 107 flg.