Skjerka kraftverk: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s OPpdatert noen tall etter siste utbygging
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Føyd til antall aggregat i ny stasjon
Line 2: Line 2:
'''Skjerka kraftverk''' er eit vannkraftverk i [[Åseral kommune]]. Kraftverket nyttar eit fall på 371 meter frå [[Øvre Skjerkevatn]]. [[Nåvatn]] blir også brukt som magasin. I tillegg vert det overført vatn til Nåvatn frå [[Langevatn]] og [[Kvennevatnet]] på [[Ljosland]] lenger nord gjennom ein over 13 km lang tunnel.  
'''Skjerka kraftverk''' er eit vannkraftverk i [[Åseral kommune]]. Kraftverket nyttar eit fall på 371 meter frå [[Øvre Skjerkevatn]]. [[Nåvatn]] blir også brukt som magasin. I tillegg vert det overført vatn til Nåvatn frå [[Langevatn]] og [[Kvennevatnet]] på [[Ljosland]] lenger nord gjennom ein over 13 km lang tunnel.  


Vatnet vert leia i ein 1,8 km lang tunnel frå inntaksmagasinet ned til kraftstasjonen på Skjerka. Samla effekt er 98 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 699 GWh. Vatnet frå kraftverket renn ut i [[Ørevatn]].  
Vatnet vert leia i ein 1,8 km lang tunnel frå inntaksmagasinet ned til kraftstasjonen på Skjerka. Stasjonen har to aggregat. Samla effekt er 98 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 699 GWh. Vatnet frå kraftverket renn ut i [[Ørevatn]].  


Kraftverket er eigd av Agder Energi. Det er det 2. største kraftverket i selskapet.  
Kraftverket er eigd av Agder Energi. Det er det 2. største kraftverket i selskapet.  

Versjonen frå 21. september 2020 kl. 08:15

Fil:Skjerka kraftstasjon 040716.JPG
Skjerka kraftstasjon. Det raude bygget er den første stasjonen frå 1932. I bakgrunnen skimtar ein inngangen til den nye stasjonen inne i fjellet.

Skjerka kraftverk er eit vannkraftverk i Åseral kommune. Kraftverket nyttar eit fall på 371 meter frå Øvre Skjerkevatn. Nåvatn blir også brukt som magasin. I tillegg vert det overført vatn til Nåvatn frå Langevatn og KvennevatnetLjosland lenger nord gjennom ein over 13 km lang tunnel.

Vatnet vert leia i ein 1,8 km lang tunnel frå inntaksmagasinet ned til kraftstasjonen på Skjerka. Stasjonen har to aggregat. Samla effekt er 98 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 699 GWh. Vatnet frå kraftverket renn ut i Ørevatn.

Kraftverket er eigd av Agder Energi. Det er det 2. største kraftverket i selskapet.

Utbygging

Det er dei seinare åra (2016-2019) gjort ei stor oppgradering av Skjerka kraftverk. Dei eksisterande fire dammane ved Nåvatn blei heilt eller delvis fjerna. Den gamle betongdammen i Skjerkevatn blei riven. Det blei i staden bygd to nye store steinfyllingsdammar, ein i Skjerkevatn og ein i Heddersvika. Etter utbygginga vart vasstanden i Skjerkevatn heva med 23 meter, og Skjerkevatn og Nåvatn blei eitt stort magasin. Større magasin og auka fallhøgde gav auka produksjon i kraftverket.

Historie

Fil:Skjerka kraftstasjon 1997 040716.JPG
Inngangen til den nye stasjonen inne i fjellet.
Foto: Geir Daasvatn

Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei då bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Øvre Skjerkevatn. Det gamle kraftverket hadde først tre, og seinare seks aggregat. Produksjonen starta i 1932. Gennomsnittleg årsproduksjon i denne stasjonen var 492 GWh. Utbygginga var den første store i Mandalsvassdraget. Dei gamle aggregata står fortsatt i stasjonen, og skal kunne brukast i periodar med ekstra stor tilgang på vatn.

Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen er sprengt inn i fjellet.

Kulturminne

Som en heilskap er kraftanlegget gitt vern som eit av kulturminna i norsk kraftproduksjon. Noko av grunngjevinga for dette er at stasjonen syner kontinuiteten i kraftutbygginga, med gamal kraftstasjon i dagen og ny i fjellhall, dessutan med dei opphavelege aggregata, i tillegg til at ein kan finne to turbintypar (Pelton- og Francis-turbinar) i same stasjon.

Kjelder