Bjørnarådalen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kart
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 5: Line 5:
Tradisjonen fortel at det i eldre tider var gardar og fastbuande i Bjørnarådalen. Såleis var det ganske visst folk som budde på [[Gryggjetveit]] før Svartedauden. Andre gardar kunne vere [[Voglumtveit]], [[Øybø]] og [[Vasstøyl]] med fleire. Seinare blei desse stadane nytta som støylar for [[Rygnestad]] og [[Flateland]], og etter det igjen til slåttemark og til sist bare sauebeite.  

I nærleiken av Gryggjetveit finst det haugar i terrenget som kan minne om gravhaugar. Dei er ikkje nærare undersøkte. Kanske var det ein graplass her, for dei som budde i Børnarådalen i gamal tid?
I nærleiken av Gryggjetveit finst det haugar i terrenget som kan minne om gravhaugar. Dei er ikkje nærare undersøkte. Kanske var det ein graplass her, for dei som budde i Bjørnarådalen i gamal tid?

== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 7. desember 2018 kl. 12:33

Bjørnarååni ved Bjørnarå, med skimten av Bjørnarådalen i bakgrunnen.

Bjørnarådalen er eit dalføre ved Bjørnarå i Bykle. Dalen strekkjer seg først i nord-austleg retning, i Bykle. Seinare svingar han meir rett austover, og kjem inn i Valle. I dalbotnen renn Vasstøylsåni (Bjørnarååni). På nordsida av dalen ligg det svære Nasefjell. Det går skogsbilveg (bomveg) innover i dalføret frå Riksveg 9 ved Bjørnarå.

Historie

Tradisjonen fortel at det i eldre tider var gardar og fastbuande i Bjørnarådalen. Såleis var det ganske visst folk som budde på Gryggjetveit før Svartedauden. Andre gardar kunne vere Voglumtveit, Øybø og Vasstøyl med fleire. Seinare blei desse stadane nytta som støylar for Rygnestad og Flateland, og etter det igjen til slåttemark og til sist bare sauebeite.

I nærleiken av Gryggjetveit finst det haugar i terrenget som kan minne om gravhaugar. Dei er ikkje nærare undersøkte. Kanske var det ein graplass her, for dei som budde i Bjørnarådalen i gamal tid?

Kjelder

Kart

Laster kart ...