Hopp til innhald

Fjellgarden Hovden: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
orto
Line 3: Line 3:
Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i [[Hovden Skisenter]], er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.  
Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i [[Hovden Skisenter]], er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.  


Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei [[Anna O. Rysstad]] og [[Marton Laksesvela]] som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok [[Merethe Hjemdal]] og [[Rolf Arne Haugen]] som styrarar.  
Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei [[Anna O. Rysstad]] og [[Marton Laksesvela]] som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok [[Merethe Hjemdahl]] og [[Rolf Arne Haugen]] som styrarar.  


==Sjå også==
==Sjå også==

Versjonen frå 27. april 2012 kl. 11:54

Fjellgarden Hovden ligg på vegen til BreiveHovden. AS Sætersdalen eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt.

Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i Hovden Skisenter, er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.

Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei Anna O. Rysstad og Marton Laksesvela som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok Merethe Hjemdahl og Rolf Arne Haugen som styrarar.

Sjå også

Kjelde

Eksterne lenker