Råbyggelaget: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Vestre og Aystre Råbyggelag
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret navn fra sorenskriveri til skrivardøme
Line 5: Line 5:
I seinmellomalderen, framover på 1400-talet, vart syslene til ''len'': Lister, Mandal, Nedenes og Råbyggelaget. Futen som styrde Råbyggelaget len på vegne av slottsherren på Akershus, skal ha budd på Birkeland. Seinare vart Herefoss fast bustad.  

Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå 1590, vart Råbyggelag delt i to sorenskriveri; [[Austre Råbyggelag sorenskriveri]] og [[Vestre Råbyggelag sorenskriveri]].  
Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå 1590, vart Råbyggelag delt i to sorenskriveri; [[Austre Råbyggelag skrivardøme]] og [[Vestre Råbyggelag skrivardøme]].  

I 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til ''amt''; Lister og Mandals amt og Nedenes og Råbyggelagets amt. Men etter kvart fall namnet Råbyggelaget bort, og det blei bare Nedenes amt. Råbyggelaget opphøyrde som administrativ eining frå 1866. Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelag greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort.  

Versjonen frå 25. desember 2016 kl. 19:11

Råbyggelaget tyder truleg «lovområdet for dei som bur i ein avkrok», ei rå. Råbyggelaget dukka opp som ei av sysleneAgder i høgmellomalderen, saman med Vestre sysla, Mitre sysla og Austre sysla. Agder høyrde til Gulating.

Råbyggelaget var då området frå og med Vegårshei i aust til og med Åseral i vest, Iveland i sør og Bykle i nord. Dessutan Birtedalen i Fyresdal og ein del gardar i Hægeland. Frå ca 1300 var Bakke i Grendi i Bygland den faste tingstaden, til Kristian V`s Norske lov gav andre tingplassar.

I seinmellomalderen, framover på 1400-talet, vart syslene til len: Lister, Mandal, Nedenes og Råbyggelaget. Futen som styrde Råbyggelaget len på vegne av slottsherren på Akershus, skal ha budd på Birkeland. Seinare vart Herefoss fast bustad.

Då vi fekk sorenskrivarar som domarar, frå 1590, vart Råbyggelag delt i to sorenskriveri; Austre Råbyggelag skrivardøme og Vestre Råbyggelag skrivardøme.

I 1660 kom ny administrasjon. Då blei lena slege saman to og to til amt; Lister og Mandals amt og Nedenes og Råbyggelagets amt. Men etter kvart fall namnet Råbyggelaget bort, og det blei bare Nedenes amt. Råbyggelaget opphøyrde som administrativ eining frå 1866. Namna på sorenskriveria (Austre og Vestre) kom bort i 1852. Der namnet Råbyggelag greidde seg lengst var som prosti. Men i 1880-åra kom det også bort.

I 1919 vart eininga amt endra til fylke.

Kjelder

Sjå også