Hopp til innhald

Hovlandsdalen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Myklebostad
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Byttet en kategori
Line 8: Line 8:
{{#display_map: 58.58645562197906,8.071330189704895~Hovlandsdalen Birkenes}}
{{#display_map: 58.58645562197906,8.071330189704895~Hovlandsdalen Birkenes}}


[[Kategori:Birkenes]]
[[Kategori:Vegusdal]]
[[Kategori:Daler]]
[[Kategori:Daler]]

Versjonen frå 25. desember 2016 kl. 10:47

Garden Tveit i Hovlandsdalen. Foran skimtar ein Fv-42 og litt bak den Hovlandsåna.

Hovlandsdalen er eit lite dalføre som ligg «på tvers» (aust-vest) i landskapet mellom Lislevatnet heilt aust i Evje og Hornnes kommune og Vågsdalsfjorden i Vegusdal heilt aust i Birkenes kommune, mot grensa til Froland. Landskapet på begge sider av dalen er typiske heiestrekningar med mykje snaufjell, myrar, vatn og lite skog. Gjennom Hovlandsdalen renn Hovlandsåna som kjem frå Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes og munnar ut i Vågsdalsfjorden. I dalen ligg fleire gardar, mellom anna Lislevand i Evje og Hornnes og Øygarden, Myklebostad, Tveit, Ljosland, Hovland, Skåre, Flateland, Vågsdalen, Breisåsen og Vegusdal i Birkenes. Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal går gjennom dalen. Her ligg også den siste delen av dette vegsambandet som ennå ikkje har fått «gul midtstripe».

Kjelder

  • Olav Kristian Nygaard og Jens Vellene, Vegusdal og Vegdølane, kapittel 1 i Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 7-14

Kart

Laster kart ...