Heisvatn: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Lenkefiks Heistad |
Litt om veg |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Heisvatn''' er eit vatn i [[Setesdal Austhei]] (434 moh.) på [[Heistad (Bygland)|Heistad]] nord-aust i [[Bygland]]. Vatnet tilhøyrer [[Otra|Otravassdraget]], og er regulert med overføring av vatnet til [[Hovatn kraftverk]]. Ut av vatnet og nedover dalsida til Otra renn [[Heisåni]]. | '''Heisvatn''' er eit vatn i [[Setesdal Austhei]] (434 moh.) på [[Heistad (Bygland)|Heistad]] nord-aust i [[Bygland]]. Vatnet tilhøyrer [[Otra|Otravassdraget]], og er regulert med overføring av vatnet til [[Hovatn kraftverk]]. Ut av vatnet og nedover dalsida til Otra renn [[Heisåni]]. Det går skogsbilveg (bomveg) oppover dalsida til vatnet frå [[Nordre Heistad]]. Vegen fortset vidare innover heia i nord-austleg retning til vatna [[Fiskeløys]] og Sandvatn. | ||
Heisvatn var kjend som eit godt fiskevatn. Utover på 1980-talet minka fiskebestanden i Heisvassdraget, og det vart sett i gong kalking av vassdraget. Fiskebestanden tok seg opp att. I dag skal det igjen vere godt fiske i Heisvatn. | Heisvatn var kjend som eit godt fiskevatn. Utover på 1980-talet minka fiskebestanden i Heisvassdraget, og det vart sett i gong kalking av vassdraget. Fiskebestanden tok seg opp att. I dag skal det igjen vere godt fiske i Heisvatn. | ||
Versjonen frå 20. september 2016 kl. 05:47
Heisvatn er eit vatn i Setesdal Austhei (434 moh.) på Heistad nord-aust i Bygland. Vatnet tilhøyrer Otravassdraget, og er regulert med overføring av vatnet til Hovatn kraftverk. Ut av vatnet og nedover dalsida til Otra renn Heisåni. Det går skogsbilveg (bomveg) oppover dalsida til vatnet frå Nordre Heistad. Vegen fortset vidare innover heia i nord-austleg retning til vatna Fiskeløys og Sandvatn.
Heisvatn var kjend som eit godt fiskevatn. Utover på 1980-talet minka fiskebestanden i Heisvassdraget, og det vart sett i gong kalking av vassdraget. Fiskebestanden tok seg opp att. I dag skal det igjen vere godt fiske i Heisvatn.
Kjelder
- Arne Vethe, Prøvefiske i Fiskeløyse og Heisvatn 2011 - Fiskebiologiske undersøkingar i Otravassdraget - Rapport 10/2012, på oppdrag for Agder Energi Produksjon, side 4-7