Miljøgate Evje sentrum: Skilnad mellom versjonar
Litt om asfaltering frå 2. mai |
Nye trær 10. mai 2016 |
||
| Line 22: | Line 22: | ||
== Asfalteringa tok til 2. mai 2016 == | == Asfalteringa tok til 2. mai 2016 == | ||
Mandag [[2. mai 2016]] tok arbeidet med å asfaltere miljøgata til. | Mandag [[2. mai 2016]] tok arbeidet med å asfaltere miljøgata til. | ||
== Nye tre blei planta 10. mai 2016 == | |||
Mandag [[10. mai 2016]] vart det planta nye tre mellom steinklossane langs miljøgata. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 11. mai 2016 kl. 05:53

Miljøgate Evje sentrum var eit svært byggeprosjekt i Evje hausten 2015 og våren 2016. I grove trekk gjekk arbeidet ut på å bygge fortau langs heile austsida av sentrumsgata (Nils Heglands veg) frå innkøyringa i sør til Arendalskrysset i nord, og gang- og sykkelveg langs vestsida. Heile gata vart steinsett for at ho skulle få ein heilskapleg og samanhangande utsjånad. Som ein konsekvens av utbyggingsplanen måtte Evje Kiosk flyttast. Den gamle kiosken blei då gjeve i gåve til Trollbakken hoppanlegg, og ein heilt ny kiosk vart bygd opp noko lenger nord i sentrum.
Vegen gjennom sentrum er fylkesveg. Arbeidet var derfor eit samarbeidsprosjekt mellom Evje og Hornnes kommune og Statens Vegvesen. Private bedrifter og forretningar bidrog også, ved å dekke kostnadene med opprusting av private areal. Heile arbeidet var kostnadsrekna til ca 21 millionar kroner inkl. MVA. Kommunen sin del av dette skulle vere inntil 11,1 millionar kroner (netto utgift). I november 2015 blei det opplyst i kommunestyremøte at kostnaden for kommunen truleg ville stige med ca 2,5 millionar kroner på grunn av uforutsette kostnader. Samstundes vart det klart at arbeidet ikkje kunne stå ferdig til rundt 20. november 2015, slik den opphavelege planen var.
Oppstarten
Arbeidet tok til 3. august 2015, med rigging av anleggsområdet og andre førebuingar. Sjølve anleggsarbeidet starta opp ved innkøyringa til sentrum frå Riksveg 9 (Setesdalsvegen) i sør. Arbeidet med å utvide den svære parkeringsplassen på vestsida av sentrumsgata, i den nordre delen av sentrum, kom også raskt i gang.
Jolegateopning

Etter iherdig jobbing av anleggsarbeidarane var så mykje av arbeidet gjort i miljøgata i slutten av november, at jolegata i Evje kunne opnast på vanleg måte fredag 27. november 2015.
Arbeidet tok til igjen i februar 2016

Miljøgata vart ikke ferdig før jol i 2015, slik planen opphaveleg var. Heilt i starten av februar 2016 tok arbeidet til att, no med å gjere ferdig fortauet mellom Lars Kile AS og Spisekroken på austsida av gata i nordre enden av sentrum.
Flytting av Evje Kiosk
Evje Kiosk har sidan 1960-talet vore eit kjend innslag i sentrumsbiletet i Evje. Kiosken har hatt ulike plasseringar. 14. mars 2016 vart den gamle kiosken flytta inn til Trollbakken hoppanlegg. Der han stod skulle det bli parkeringsplass. Ny kiosk var då alt bygd opp noko lenger nord i sentrum, på andre sida av gata for Lars Kile AS.
Asfalteringa tok til 2. mai 2016
Mandag 2. mai 2016 tok arbeidet med å asfaltere miljøgata til.
Nye tre blei planta 10. mai 2016
Mandag 10. mai 2016 vart det planta nye tre mellom steinklossane langs miljøgata.
Kjelder
- Miljøgate Evje sentrum, saksframlegg frå rådmannen til sak 79/2014 i Evje og Hornnes kommunestyre 23. oktober 2015
- Ole Birger Lien, 2 «tumlete» veker i vente i Evje sentrum, artikkel i Setesdølen nr. 33, 2016, side 7