Prestefossen hengebru: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Nomeland
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt oppdatering om riving og ny bru 2016
Line 14: Line 14:

Ein kunne lesa i [[Setesdølen nr. 34, 2014]] [[2. mai 2014]], at utpå hausten dette året skulle endeleg brua restaurerast. Det ville seie at det meste av konstruksjonen måtte byttast ut med nytt, men at brua stort sett skulle behalde si form og utsjånad.  

Ved årsskiftet 2015/2016 vart brua riven. Det skal kome ny bru. Ho vil minne om den gamle i utforming, men vere tilpassa rullestolbrukarar. Den nye brua er kostnadsrekna til om lag 4,5 millionar kroner. Det skal også byggast eit tilhøyrande nett av stiar i området. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 7-8 millionar.

==Kjelder==
==Kjelder==
Line 23: Line 25:
*[[Ole Birger Lien]]: ''Sakshansaminga har teke 25 år!'' [[Setesdølen nr. 97, 2012]], 7. des. side 4.
*[[Ole Birger Lien]]: ''Sakshansaminga har teke 25 år!'' [[Setesdølen nr. 97, 2012]], 7. des. side 4.
*''Hengebrua i Valle skal restaurerast utpå hausten.'' [[Setesdølen nr. 34, 2014]], 2. mai side 5.
*''Hengebrua i Valle skal restaurerast utpå hausten.'' [[Setesdølen nr. 34, 2014]], 2. mai side 5.
*[[Ole Birger Lien]], ''Eit landemerke i Valle skal bort, nytt skal kome'', artikkel i [[Setesdølen nr. 2, 2016]], side 11

==Kart==
==Kart==

Versjonen frå 10. januar 2016 kl. 19:58

Hengebrua frå 1930-talet var ein snarveg mellom Nomeland og Valle sentrum.

Denne hengebrua går over Otra, mellom Nomeland og Valle sentrum, og har i alle år blitt nytta av gåande og syklande. Brua har gjennom åra pryda postkort og vore eit kjent trekk i vallebygda. Men under ein kontroll i 2007 vart det avdekka alvorlege manglar på berekablar og tårn, slik at brua vart stengd med det same. Ein ynskte å få til ein tilstandsrapport for finna ut kva ein skulle gjera, anten fjerning, opprusting eller ny bru.

Kommunal sakshansaming om bruspørsmålet

Etter 4 år, i 2011, etterlyste Steinar Kyrvestad ei snarleg løysing på spørsmålet om bruas lagnad.

Så i februar 2012 ville Valle formannskap setje ned ei arbeidsgruppe som skulle freiste å finna ut kva ein skulle gjera med brua. Ordførar Tarald Myrum meinte det var mest ynskjeleg å anten restaurera brua, eller erstatta ho med ein annan brutype.

Arbeidsgruppa kom i juli 2012 fram til at det måtte byggjast ei ny bru over elva sidan den gamle var alt for øydelagt. Antyda pris var på 3 mill. kroner, og ein kunne få hjelp til desse kostnadane frå ulike hald. Ynskjet var at ei ny bru måtte bli nokså lik den gamle.

I august 2012 gjekk eit samrøystes formannskap inn for eit forprosjekt, og løyvde 75 000 kr. til dette. Arbeidsgruppa antyda at ei restaurering var mest ynskjeleg, om det let seg gjera.

Nokre månader seinare, i desember 2012, meinte leier for arbeidsgruppa, Astrid Kyte, å sjå ljos i enden av tunnelen. I eit intervju kunne ho fortelje at eigentleg har ein halde på med arbeid for betre bru i 25 år. Brua er frå 1931-32, og alt i 1979 hadde ein sett i gong eit prosjekt for ny bru, hadde fått teikningar klare og kostnaden var kalkulert til 300 000 kr. Sidan vart saka liggande. Arbeidsgruppa var nå klar på at ein ville ha ei ny og grei bru, også høveleg for rullestolbrukarar, men ikkje noko kostbar arkitektonisk nyvinning. Planen var å setje av midlar til ny bru i 2014.

Ein kunne lesa i Setesdølen nr. 34, 2014 2. mai 2014, at utpå hausten dette året skulle endeleg brua restaurerast. Det ville seie at det meste av konstruksjonen måtte byttast ut med nytt, men at brua stort sett skulle behalde si form og utsjånad.

Ved årsskiftet 2015/2016 vart brua riven. Det skal kome ny bru. Ho vil minne om den gamle i utforming, men vere tilpassa rullestolbrukarar. Den nye brua er kostnadsrekna til om lag 4,5 millionar kroner. Det skal også byggast eit tilhøyrande nett av stiar i området. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 7-8 millionar.

Kjelder

Kart

Laster kart ...