Jørgen Løvland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helland (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 7: Line 7:
Jørgen Løvland vart fødd på bruket «Dernede» på garden [[Lauvland]] i det som då var [[Evje kommune]]. Foreldra var [[Gunnar Olson Løvland]] og [[Siri Eilevsdotter Løvland]] (fødd Aaneland). Garden hadde lide same vanlagnad som så mange norske gardar, å få namnet vrengt på av dansk-norske embetsmenn.<ref>[[Olav Arne Kleveland]], ''Norskdomsmannen Jørgen Løvland'', artikkel i [[Jol i Setesdal]], 2006, s. 38</ref> Difor kom Jørgen til å bere etternamnet Løvland.
Jørgen Løvland vart fødd på bruket «Dernede» på garden [[Lauvland]] i det som då var [[Evje kommune]]. Foreldra var [[Gunnar Olson Løvland]] og [[Siri Eilevsdotter Løvland]] (fødd Aaneland). Garden hadde lide same vanlagnad som så mange norske gardar, å få namnet vrengt på av dansk-norske embetsmenn.<ref>[[Olav Arne Kleveland]], ''Norskdomsmannen Jørgen Løvland'', artikkel i [[Jol i Setesdal]], 2006, s. 38</ref> Difor kom Jørgen til å bere etternamnet Løvland.


Ein kan undre seg over at eit bondesøn frå ein heller fattigsleg liten gard i «dalstroka innanfor» kunne nå så langt i livet som Jørgen Løvland til slutt gjorde. Men [[Olav Arne Kleveland]], den kanskje største Løvland-kjennaren, meinte at Løvland hadde svært gode føresetnader for å bli ein einar i norsk politikk. Han var fødd inn i ei slekt der gåvene var rike både på mors- og farssida. På lærarskulen fekk han beste karakter i «evner». Han hadde eit utruleg godt minne, og skal ha vore nærast eit språkgeni.<ref>Olav Arne Kleveland, ''Jørgen Løvland - Ein statsmann'', artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 81/2005, s. 51-52</ref> Mora var av haugianarslekt, folk som var kjende for å vere svært strevsame og plikttrugne. Onkelen hennar, [[Notto Jørgensen Tvedt]], var stortingsmann og ein framståande mann i bygda. Den berømte matematikaren Nils Henrik Aabel var tremenning med bestemor hans, [[Anne Gunnarsdotter Faret]]<ref>[[Ellen Miøen Sæther]], ''[[Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk]]'', [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2013, s. 11-16</ref>. Lauvland-garden var på den tida han vaks opp eit politisk kraftsenter. Odelsguten [[Notto Olson Løvland]], som seinare vart onkel til Jørgen, byrja å engasjere seg i politisk arbeid, der han samarbeidde nært med nemde Notto J. Tvedt. Notto O. Løvland møtte på Stortinget i perioden 1845-1847. Broren Gunnar, far til Jørgen, blei ein naturleg del av fellesskapet. I motsetnad til fleirtalet av dåtidas embetsmenn tenkte dei tankar i pakt med den nye tida.<ref>''Jørgen Løvland - Ein statsmann'', s. 52-53</ref>
Ein kan undre seg over at eit bondesøn frå ein heller fattigsleg liten gard i «dalstroka innanfor» kunne nå så langt i livet som Jørgen Løvland til slutt gjorde. Men Olav Arne Kleveland, den kanskje største Løvland-kjennaren, meinte at Løvland hadde svært gode føresetnader for å bli ein einar i norsk politikk. Han var fødd inn i ei slekt der gåvene var rike både på mors- og farssida. På lærarskulen fekk han beste karakter i «evner». Han hadde eit utruleg godt minne, og skal ha vore nærast eit språkgeni.<ref>Olav Arne Kleveland, ''Jørgen Løvland - Ein statsmann'', artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 81/2005, s. 51-52</ref> Mora var av haugianarslekt, folk som var kjende for å vere svært strevsame og plikttrugne. Onkelen hennar, [[Notto Jørgensen Tvedt]], var stortingsmann og ein framståande mann i bygda. Den berømte matematikaren Nils Henrik Aabel var tremenning med bestemor hans, [[Anne Gunnarsdotter Faret]]<ref>[[Ellen Miøen Sæther]], ''[[Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk]]'', [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2013, s. 11-16</ref>. Lauvland-garden var på den tida han vaks opp eit politisk kraftsenter. Odelsguten [[Notto Olson Løvland]], som seinare vart onkel til Jørgen, byrja å engasjere seg i politisk arbeid, der han samarbeidde nært med nemde Notto J. Tvedt. Notto O. Løvland møtte på Stortinget i perioden 1845-1847. Broren Gunnar, far til Jørgen, blei ein naturleg del av fellesskapet. I motsetnad til fleirtalet av dåtidas embetsmenn tenkte dei tankar i pakt med den nye tida.<ref>''Jørgen Løvland - Ein statsmann'', s. 52-53</ref>
 
Jørgen Løvland gjekk frå 1854 almugeskulen i Evje. Vinteren 1861 var han ferdig med dei obligatoriske sju åra på omgangsskulen. Med unnatak for song og «næmme», hadde han einarar i alle fag. I 14-15 årsalderen kom han over orda «Les og vex» i bladet «Dølen». Dei skar han inn i løeveggen heime. Orda blei som eit livsmotto for han.<ref>[[Per Eivind Hem]], ''[[Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister]]'', Det Norske Samlaget, 2005, s. 40</ref>


== Referansar ==
== Referansar ==

Versjonen frå 24. januar 2015 kl. 10:25

Jørgen Løvland
Fil:Jørgen Løvland.jpg
Født: 3. februar 1848
Død: 21. august 1922 (74 år)

Jørgen Gunnarsson Løvland (fødd 3. februar 1848 i Evje, død 21. august 1922 i Kristiania) var skulemann, pressemann og rikspolitikar (Venstre). Han var Noregs første utanriksminister etter unionsoppløysinga i 1905.

Jørgen Løvland var ein av dei framste politikarane i Noreg i nærare 35 år. Han arbeidde for norsk politisk og kulturelt sjølvstende. Han var særleg oppteken av norskdom og målsak. Løvland var sentral under unionsoppløysinga i 1905, som Norges siste statsminister i Stockholm, og som den aller første norske utanriksminister 1905–1908. Han var statsminister 1907–1908. Han er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Barndomen i Evje

Jørgen Løvland vart fødd på bruket «Dernede» på garden Lauvland i det som då var Evje kommune. Foreldra var Gunnar Olson Løvland og Siri Eilevsdotter Løvland (fødd Aaneland). Garden hadde lide same vanlagnad som så mange norske gardar, å få namnet vrengt på av dansk-norske embetsmenn.[1] Difor kom Jørgen til å bere etternamnet Løvland.

Ein kan undre seg over at eit bondesøn frå ein heller fattigsleg liten gard i «dalstroka innanfor» kunne nå så langt i livet som Jørgen Løvland til slutt gjorde. Men Olav Arne Kleveland, den kanskje største Løvland-kjennaren, meinte at Løvland hadde svært gode føresetnader for å bli ein einar i norsk politikk. Han var fødd inn i ei slekt der gåvene var rike både på mors- og farssida. På lærarskulen fekk han beste karakter i «evner». Han hadde eit utruleg godt minne, og skal ha vore nærast eit språkgeni.[2] Mora var av haugianarslekt, folk som var kjende for å vere svært strevsame og plikttrugne. Onkelen hennar, Notto Jørgensen Tvedt, var stortingsmann og ein framståande mann i bygda. Den berømte matematikaren Nils Henrik Aabel var tremenning med bestemor hans, Anne Gunnarsdotter Faret[3]. Lauvland-garden var på den tida han vaks opp eit politisk kraftsenter. Odelsguten Notto Olson Løvland, som seinare vart onkel til Jørgen, byrja å engasjere seg i politisk arbeid, der han samarbeidde nært med nemde Notto J. Tvedt. Notto O. Løvland møtte på Stortinget i perioden 1845-1847. Broren Gunnar, far til Jørgen, blei ein naturleg del av fellesskapet. I motsetnad til fleirtalet av dåtidas embetsmenn tenkte dei tankar i pakt med den nye tida.[4]

Jørgen Løvland gjekk frå 1854 almugeskulen i Evje. Vinteren 1861 var han ferdig med dei obligatoriske sju åra på omgangsskulen. Med unnatak for song og «næmme», hadde han einarar i alle fag. I 14-15 årsalderen kom han over orda «Les og vex» i bladet «Dølen». Dei skar han inn i løeveggen heime. Orda blei som eit livsmotto for han.[5]

Referansar

  1. Olav Arne Kleveland, Norskdomsmannen Jørgen Løvland, artikkel i Jol i Setesdal, 2006, s. 38
  2. Olav Arne Kleveland, Jørgen Løvland - Ein statsmann, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 81/2005, s. 51-52
  3. Ellen Miøen Sæther, Lauvland - Fra nybrott til fritidsbruk, Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 11-16
  4. Jørgen Løvland - Ein statsmann, s. 52-53
  5. Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, Det Norske Samlaget, 2005, s. 40

Kjelder

Eksterne lenker

Sjå også