Hornnes I, Gards- og ættesoge: Skilnad mellom versjonar
Bygdebok for Hornnes |
s Rettet opp i kategoriene |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Hornnes I, Gards- og ættesoge''' er ei | '''Hornnes I, Gards- og ættesoge''' er ei bygdebok for [[Hornnes]], utgjeven av [[Hornnes bygdesogenemd]] i 1969. Forfattar er [[Olav O. Uleberg]], men han kunne bygge på eit omfattande arbeid som fleire andre hadde samla inn. Mellom desse kan nemnast professor [[Torleiv Hannås]], rektor på [[Hornnes landsgymnas]] [[Daniel Danielsen]] og lektor [[Jørgen Moseid]]. Boka er på 701 sider. | ||
Arbeidet med boka tok til då [[Hornnes kommunestyre]] i 1924 valde ei bygdesogenemd. Så gjekk det altså av ulike grunnar 45 år før boka var ferdig. | Arbeidet med boka tok til då [[Hornnes kommunestyre]] i 1924 valde ei bygdesogenemd. Så gjekk det altså av ulike grunnar 45 år før boka var ferdig. | ||
| Line 9: | Line 9: | ||
Dei mange bileta i boka er det i hovudsak [[Alf Georg Kjetså]] som har stått for. | Dei mange bileta i boka er det i hovudsak [[Alf Georg Kjetså]] som har stått for. | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes i | [[Kategori:Evje og Hornnes i bokhyllen]] | ||
[[Kategori:Bygdebøker]] | |||
Versjonen frå 7. oktober 2014 kl. 00:10
Hornnes I, Gards- og ættesoge er ei bygdebok for Hornnes, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd i 1969. Forfattar er Olav O. Uleberg, men han kunne bygge på eit omfattande arbeid som fleire andre hadde samla inn. Mellom desse kan nemnast professor Torleiv Hannås, rektor på Hornnes landsgymnas Daniel Danielsen og lektor Jørgen Moseid. Boka er på 701 sider.
Arbeidet med boka tok til då Hornnes kommunestyre i 1924 valde ei bygdesogenemd. Så gjekk det altså av ulike grunnar 45 år før boka var ferdig.
Boka gir ei grundig utgreiing om alle gardane i Hornnes, 36 i alt, og bruka som låg under dei. For dei fleste gardane er opphavet til namnet nærare forklart, og det er gjort greie for fornminne som er funne på garden. For kvar gard er au slektene som budde på gardane rekna opp fram til 1960-talet.
Ut over dei reine faktaopplysningane om gardane og ættene, inneheld boka mykje kulturhistorisk stoff frå Hornnes-bygda.
Dei mange bileta i boka er det i hovudsak Alf Georg Kjetså som har stått for.