Kultursoge for Evje og Hornnes: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kultursoge for Evje og Hornnes |
s Føyd til kategorier |
||
| Line 16: | Line 16: | ||
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes i | [[Kategori:Evje og Hornnes i bokhyllen]] | ||
[[Kategori:Bygdebøker]] | |||
Versjonen frå 9. september 2014 kl. 06:13
Kultursoge for Evje og Hornnes er gjeven ut i to band, band I i 1990 og band II i 2003.
Både Hornnes og Evje kommunar valde bygdesogenemder i 1920-åra. I begge bygdene blei det sett i gang innsamling og registrering av lokalt historisk stoff med det mål å gje ut bygdebøker.
Åra gjekk, og bygdebøkene kom ikkje. Men i 1968 fekk Hornnes si gards- og ættesoge, og i 1969 tok Olav O. Uleberg fatt på arbeidet med kultursoga for Evje og Hornnes.
Uleberg døydde i 1974, og Olav Arne Kleveland tok i 1987 på seg å fullføre manuskriptet etter Uleberg.
Fyrste bandet vart så altså utgjeven i 1990, medan det andre kom i 2003. Det blir for tida arbeidd med ei gards- og ættesoge for Evje, men ein veit i dag ikkje når ho kan bli skriven ferdig.