Hopp til innhald

Tormod Oksefjell: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ny side
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Line 8: Line 8:


==Kjelder==
==Kjelder==
[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, 1990, s. 505
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, 1990, s. 505
Menighetsbladet [[Ljosglimt]], Nr. 4/2009
*Menighetsbladet [[Ljosglimt]], Nr. 4/2009


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 30. august 2014 kl. 08:09

Tormod Arnfinn Oksefjell, født 28. februar 1937 og død 2009. Han var opphaveleg frå Kvinesdal, men var lærar og rektor ved Hornnes landsgymnas størstedelen av livet. Han budde i Dåsnesmoen bustadfelt i Hornnes saman med kona Ruth Oksefjell.

Oksefjell tok matematisk-naturvitenskapleg embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1962 og pedagogisk eksamen i 1961. Han var hjelpelærar ved Universitetet i Oslo 1961-1962, lektor ved Hornnes gymnas frå 1962, studieinspektør ved same skule 1975-1978 og rektor frå 1979 til han vart pensjonist. Oksefjell har hatt ei rekkje omsetningsoppdrag for forlag av lærebokmanuskript frå bokmål til nynorsk.

Tormod Oksefjell var også politikar, der han i alle år representerte partiet Venstre. I ei årrekkje var han medlem av og kasserar i fylkesstyret, og han var ein dyktig representant for Venstre i fylkestinget. Lokallaget i Evje og Hornnes leia og dreiv han i mange år. Heilt til det siste deltok han i partiarbeidet, i lokallaget, på fylkeårsmøter, og i det siste formelle vervet som fylkeslaget sin revisor.

Oksefjell var leiar av Evje og Hornnes kyrkjelege fellesråd ein periode. I ei årrekkje song han i Evje og Hornnes menighetskor. Han hadde og ein kjær hobby med å dyrke blomar. Georginer var spesialfeltet.

Kjelder

Eksterne lenker

Minneord om Tormod Oksefjell på Venstre si heimeside