Fånekleivsmarsjen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: )
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Bilete
Line 1: Line 1:
[[Fil:Fånefjell utsikt.jpg|miniatyr|350px|Utsikt frå toppen av [[Lisle Fånefjell]]. [[Berenesodden]] nærast med [[Longerak]] i bakgrunnen. [[Frøyrakshorga]] til høgre.{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
'''Fånekleivsmarsjen''' er ein turmarsj i over [[Fånefjellet]]. [[Bygland Bygdekvinnelag]] tok initiativet til marsjen i 1978,<ref>Vevstad, Andreas: ''Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 &ndash; 1986)'', Arendal 1986, s. 136</ref> og sidan har marsjen gått siste sundag i juni kvart år opp Fånekleiva med start på sørsida av [[Fånefjellstunnelen]]. Marsjen er eit par kilometer kvar veg, og sluttar der han starta. Bygdekvinnelaget skipar til natursti med utgangspunkt i lokalt planteliv i samband med turmarsjen, og på toppen av fjellet kan ein ta ein avstikkar ut på utsiktsplassen som er stelt til. Det vert gjeve medaljar til alle som gjennomfører turen.

Versjonen frå 21. mars 2015 kl. 23:12

Utsikt frå toppen av Lisle Fånefjell. Berenesodden nærast med Longerak i bakgrunnen. Frøyrakshorga til høgre.

Fånekleivsmarsjen er ein turmarsj i over Fånefjellet. Bygland Bygdekvinnelag tok initiativet til marsjen i 1978,[1] og sidan har marsjen gått siste sundag i juni kvart år opp Fånekleiva med start på sørsida av Fånefjellstunnelen. Marsjen er eit par kilometer kvar veg, og sluttar der han starta. Bygdekvinnelaget skipar til natursti med utgangspunkt i lokalt planteliv i samband med turmarsjen, og på toppen av fjellet kan ein ta ein avstikkar ut på utsiktsplassen som er stelt til. Det vert gjeve medaljar til alle som gjennomfører turen.

2013

Dette året var det 83 deltakarar, av desse var det 38 som gjekk turen for fyrste gong. Martin Aslaksen fekk Deltakarstaken for 2013 etter loddtrekning mellom alle deltakarane. Tone Omnes frå Grendi, Anne Berit Honnemyr og Finn Honnemyr frå Vennesla fekk alle Tjueårsstake. Steffen Lund, Anne Bakke og Sigrid Upsal fekk Tiårsstakar. Turid Greibrokk vann Naturstistaken frå Glashytta.[2]

2008

Dette året var det 82 som gjekk marsjen i godt turver. Thor Skjevrak og Tone Omnes gjekk marsjen for 15. gong dette året og Bodil Langerak og Anette Lund for 10. gong. Anne Attestog Graven var ein av to med alt rett i den innlagde naturstien og vart trekt ut som vinnar. Og då alle var vel i mål, kom regnet.[3]

1998

Bare ein gong har det ikkje vore mogleg å ha marsjen der, det var i 1998, då det hadde vore flaum og vegen over fjellet var øydelagt av stein og grusras. Det året gjekk turmarsjen på Landeskogen.

Kjelde

  1. Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), Arendal 1986, s. 136
  2. Magnhild Rygg: Fånekleivsmarsjen 2013. Artikkel i Setesdølen nr. 53, 2013 side 8
  3. 82 gjekk Fånekleivmarsjen. Artikkel i Setesdølen nr. 52, 2008 side 10

Kart

Her går Fånekleivsmarsjen:

Laster kart ...