Hornesund bru: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s lenke
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: )
Line 9: Line 9:


==Kart==
==Kart==
{{#display_points:58.46720, 7.79796|zoom=14|type=terrain}}
{{#display_points: 58.46720, 7.79796|zoom=14|type=terrain}}


==Kjelder==
==Kjelder==

Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 12:00

Hornesund bru sett mot aust

Hornesund bru er ei bru over Otra ved Moisund. Ho går også under namnet Ivelandsbrua.

Hornesund bru var ein del av kompensasjonsvegen etter Setesdalsbanen

Strekninga frå Kristiansandsområdet til Byglandsfjord vart kraftig ombygd i åra mellom 1960 og 1968. Vegen som skulle erstatta Setesdalsbanen var kalkulert til ein kostnad på 20,7 mill. 1959-kroner. Som ein del av kompensasjonsvegen skulle også bilferjene Moi-Klepp og Byglandsfjord-Senum erstattast med 3 bruer. Hornesund bru er den sørlegaste av desse, og frå brua skulle det også byggjast ny veg mot Iveland, som ein del av kompensasjonen.

Ein uvanleg brukonstruksjon i Setesdal

Det var Statens vegvesen som hadde veg- og betongarbeidet, og stålkonstruksjonen vart sett bort til firmaet Høsveis & Bofa frå Hønefoss. Brua vart sett saman på land, og dregen over elva på pongtongar. Planen var at bruarbeidet skulle vera ferdig hausten 1968, men ein langvarig ingeniørstreik gjorde til at brua fyrst vart ferdig hausten 1969. Vekta av brua er oppgjeve til 215 tonn, lengde til 106,77 meter og kostnad 1,5 mill. 1969-kroner.

Kart

Laster kart ...

Kjelder