Rosemåling: Skilnad mellom versjonar
s →Rosemåling i Setesdal: lenke nyestogene |
s →Rosemåling i Setesdal: referanse |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
Det var frå 1700-talet rosemålinga i Setesdal tok til å utvikle seg. Fyrst var det helst ølbollar og ei og anna kiste som blei måla. Skåp og kviler i [[Nyestog|nyestogene]] blei det vanleg å rosemåle så seint som rundt 1850.<ref>Jansen og Ryningen, side 232</ref> | Det var frå 1700-talet rosemålinga i Setesdal tok til å utvikle seg. Fyrst var det helst ølbollar og ei og anna kiste som blei måla. Skåp og kviler i [[Nyestog|nyestogene]] blei det vanleg å rosemåle så seint som rundt 1850.<ref>Jansen og Ryningen, side 232</ref> | ||
I nyare tid er [[Svein Håvardsson Viki]], [[Eivind Sigurdsson Berg]] og [[Olav O. Tveiten]] tre av dei meir kjende rosemålarane i Setesdal.<ref>Jansen og Ryningen, side 233 nedst–234 øvst</ref> Svein var far til [[Birgit Spikkeland]], som var ein særs dyktig rosemålar i [[Evje]]. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 3. mai 2026 kl. 05:38

Rosemåling er eit namn på tradisjonell dekorativ måling i bondesamfunnet frå 1700-talet og seinare.
Rosemålinga blei særleg utvikla i Hallingdal og Telemark, men også område som Numedal, Setesdal, Vest-Agder og Valdres fekk ein rik rosemålingstradisjon. Han består av rik rankeornamentikk tufta på blomsterbarokken sin svulmande roser og frukter. Frå 1740-åra byrja ein å gå mot slankare og meir elegante former lånt frå regence og rokokko, og rundt 1750 kjem det påverknad frå louis-seize og noko seinare empire og nyklassisisme. Ein finn til tider figurar, men desse har lite å seie for rosemålinga. Målet er å fylle flater i ein stil som er utvungen, med klare og kraftige fargar.
I byrjinga blei rosemåling særleg brukt til dekorasjon av kister, ølbollar og andre mindre gjenstandar. Etter kvart byrja ein også å dekorere senger og skap, og heldt fram med veggar og tak.
Rosemåling i Setesdal
Rosemålinga har ikkje nokon sterk tradisjon i Setesdal frå gamalt, i motsetnad til treskurden.[1] [2] Ein veit at dei gamle kyrkjene i Valle og på Austad var rosemåla, og Bykle gamle kyrkje blei rosemåla i 1826.[3]
Det var frå 1700-talet rosemålinga i Setesdal tok til å utvikle seg. Fyrst var det helst ølbollar og ei og anna kiste som blei måla. Skåp og kviler i nyestogene blei det vanleg å rosemåle så seint som rundt 1850.[4]
I nyare tid er Svein Håvardsson Viki, Eivind Sigurdsson Berg og Olav O. Tveiten tre av dei meir kjende rosemålarane i Setesdal.[5] Svein var far til Birgit Spikkeland, som var ein særs dyktig rosemålar i Evje.
Kjelder
Litteratur
- Nils Ellingsgard, Norsk rosemåling. Dekorativ måling i folkekunsten, utgjeve på Det Norske Samlaget, Oslo 1999
- Gisle Midttun, Kunstarbeid og handverk, kapittel i Norske Bygder - Setesdalen, 1921, side 251–261
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 232–234