Eivind S. Berg
| Eivind S. Berg | ||
|---|---|---|
| Født: | 26. mai 1892 | |
| Død: | 30. mars 1983 (90 år) | |
Eivind Sigurdsson Berg (1892-1983) budde i Berg i Valle. Han var bonde, urmakar og rosemålar og hadde lært å spele fele av Knut Jonson Heddi. Han vart med i Frikyrkja i Valle frå tidleg i 1920-åra, då det gjekk ei stor vekking over Valle, og då Frikyrkja i Valle vart skipa. Frå då av reiste han rundt som forkynnar i bygdene på Agder.
Det var særleg songen til eige akkompagnement av hardingfele som gjorde Eivind S. Berg kjend. Før hans tid var det utenkjeleg å setje saman hardingfela og salmesong. Med si gode songrøyst vart han mykje brukt på møte rundt om. Frå 1950-åra gjorde NRK fleire opptak med Eivind S. Berg. Desse vart ofte sende i folkemusikkprogram i NRK.
Dikt
Diskografi
Fleire av opptaka frå NRK vart samla på kassetten Kom regn av det høie, som Valle kulturstyre gav ut i 1988 med støtte av Valle Sparebank og Valle kommune.
Kjelde
Opplysningar på kassettomslaget til kassetten Kom regn fra det høie.