Nyestog
Hopp til navigering
Hopp til søk

Husrekke på Bygland museum, med loftet t.v., den gamle årestoga i midten og den meir moderne nyestoga t.h.
Foto: Geir Daasvatn
Nyestog er ei utviding av det gamle innhuset på garden, ei ny stoge bygd innåt den gamle. Nyestog hadde glas (vindauge), og blei kalla "glasstoge". Desse glasstogene kom omtrent på den tida 1600-talet gladde. Alle stader der denne utvidinga skjedde, ser det ut til å ha vore svòl foran begge stogene den første tida.
Åren, som stod midt på golvet i gamlestog, blei nå flytta bort i ein krok. I staden for ljoregluggen i taket kom det skorstein. Men det var framleis ikkje vanleg å bygge i to høgder. Først rundt 1770-åra begynte ein å bygge to-etasjers nyestoger. Frå då og framover mot midten av 1800-talet kom det slike nyestoger i to etasjer på dei fleste bruka. Gamlestog stod framleis i ei høgd ståande innåt nyestog.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, Valle kommune, 1994, side 39
Eksterne lenker
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.