Åsmund O. Kjetså: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Der Inne Aust
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune)
Line 15: Line 15:
[[Kategori:Fødsler i 1915]]
[[Kategori:Fødsler i 1915]]
[[Kategori:Dødsfall i 1947]]
[[Kategori:Dødsfall i 1947]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]]

Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 16:20

Åsmund O. Kjetså
Åsmund O. Kjetså i gardeuniform.
Foto utlånt av Alf Georg Kjetså
Født: 10. desember 1915
Død: 1947 (alder 31–32)

Åsmund O. Kjetså var fødd i 1915 på bruket Der Inne Aust (bruksnr. 3) på Nedre Kjetså - Neregarden i Hornnes, og døydde i 1947. Faren var Olav Å. Kjetså og mor hans var Kari Kjetså (fødd Moseid). Åsmund var den yngste av fire sysken.

Åsmund var ein pådrivar for idretten mellom ungdomane i Hornnes-bygda. Nær husa på garden laga han ein idrettsbane, der ein kunne spele fotball. Det var hoppegrop for lengde og høgdestativ, og ringar å turne i. Åsmund fekk også bygd Kjetsåbakken (Smiebakken) på eigedomen, ein bakke der dei flinkaste kunne hoppe opp mot 27-28 meter. Han bygde òg ei badstoge nedanfor husa, der ungdomane fekk lov til å kome kvar fredag og ta sauna.

Asmund var sjølv ein dugeleg idrettsmann. Han var krinsmeister i kombinert, hopp og langrenn fleire gonger.

Det kom som eit stort sjokk på ungdomane i bygda som hadde blitt så glade i Åsmund, då dei fekk høyre at han hadde ein alvorleg sjukdom og ikkje kunne overleve. I 1947 døydde han av kreft, bare 32 år gamal.

Kjelder