Hornnes mi heimbygd med gardar og grender: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Rettet tegnsetting til diktform |
s Bilde |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
== Teksten == | == Teksten == | ||
[[Fil:Fennefoss Hornnes Setesdal 100616.jpg|miniatyr|høyre|[[Fennefoss]] i [[Hornnes]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
:Hornnes, mi heimbygd med gardar og grender - | :Hornnes, mi heimbygd med gardar og grender - | ||
:urgamle ætter i skiftande kår. | :urgamle ætter i skiftande kår. | ||
Versjonen frå 10. juni 2016 kl. 14:38
Hornnes mi heimbygd med gardar og grender er ein bygdesong for Hornnes, skrive av Olav A. Tveit.
Teksten

Foto: Geir Daasvatn
- Hornnes, mi heimbygd med gardar og grender -
- urgamle ætter i skiftande kår.
- Lat det nå ljoma frå fjell og til strender
- songen om bygda som me kallar vår.
- Her har forfedrene slite og streva, her vart dei fødde til glede og strid.
- Soleis fekk me denne plass til å leva -
- Hornnes, du kjære, du heimbygda mi.
- Skogklædd og fager og grøn som ein hage,
- slik har me sett deg frå nutar til fjell.
- Høgreiste furu i drusteleg brage
- skiftar i sjarme frå morgon til kveld.
- Åsryggar lange mot høgda seg tøyer
- og inn i millom der lyser ei grend.
- Elva i buktar kring nesa seg bøyer,
- glitrar i solskin der stille ho renn.
- Otra, du strevsame, du kan vel smile
- når du på reisa di stoggar ei stund.
- Just her ved Hornnes du legg deg til kvile
- ute på Breiflå med vikar og sund.
- Her bygde Hauge og fekk sine vener -
- papir- og møllebruk arbeid oss gav.
- Her langs dei mange og sandkvite strender
- ligg dette landskap og speglar seg av.
- Inne i skogane der er det trivleg -
- hestane kneggar og furua fell.
- Arbeidet går der så leikande livleg,
- øksehogg svarar frå fjell og til fjell.
- Men når så våren med lauvsprett er komen,
- spennar me hestar for harv og for plog.
- Aldri så helsesam kjenner du dåmen
- slik som ein vårdag frå åker og skog.
- Åndsliv og kunnskap set merke på alle.
- Landsgymnaset står høgreist og fritt.
- Kyrkja den åtte-kanta skal kalle -
- kalle det gode til offer og strid.
- Mang ein misjon har i bygda sitt feste,
- mang ei forening ber arbeidet fram.
- Arbeid for velferd til alle sitt beste
- ut i blant våre til framande land.
- Lat oss då saman ein broderring binda,
- takksam for bygda me lagar ein lekk.
- Gjera vårt beste kvar mann og kvar kvinna,
- auka dei gode i arven me fekk.
- Standa på vakt i mot alt som vil tyngja,
- fremja dei rettvise krav til ein kvar.
- Då skal dei komande ætter få syngja,
- songen om bygda og få henne kjær.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 15