Kallshovet: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Liten skrivefeil rettet |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Kallshovet - Hornnes 120512-2.jpg|miniatyr|høyre|Hornnes med Dåsvannsdalen og det lett kjennelege Kallshovet i bakgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Kallshovet - Hornnes 120512-2.jpg|miniatyr|høyre|Hornnes med Dåsvannsdalen og det lett kjennelege Kallshovet i bakgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Kallshovet''' er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på [[Kallhovd]] i [[Dåsvannsdalen]] i [[Hornnes]]. ''Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som | '''Kallshovet''' er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på [[Kallhovd]] i [[Dåsvannsdalen]] i [[Hornnes]]. ''Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for Kallshovet'', heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes. | ||
Ein reknar det som ganske sikkert at det har vore ei bygdeborg på dette fjellet, då det er funne restar av ein nedramla borgmur. Tradisjonelt har arkeologane meint at bygdeborgene stammar frå folkevandringstida eller sein romartid. Det kravde stor arbeidsinnsats å bygge slike festningsanlegg. Borga er nok difor blitt til i ei spesielt uroleg tid, då det var behov for vern mot inntrengjande fiendar. Fjelltoppen er ein lageleg stad for eit slikt festningsanlegg, stupratt ned mot [[Dåsåna]] i vest og svært bratt mot aust og nord. Fjellet ligg lageleg til som signalstasjon (vete), med vidt utsyn både nordover og sørover i Dåsvannsdalen, og vart nok brukt til det føremålet også. Det gjekk ein gamal ferdsleveg frå Hornnes til [[Åseral]] under Kallshovet. | Ein reknar det som ganske sikkert at det har vore ei bygdeborg på dette fjellet, då det er funne restar av ein nedramla borgmur. Tradisjonelt har arkeologane meint at bygdeborgene stammar frå folkevandringstida eller sein romartid. Det kravde stor arbeidsinnsats å bygge slike festningsanlegg. Borga er nok difor blitt til i ei spesielt uroleg tid, då det var behov for vern mot inntrengjande fiendar. Fjelltoppen er ein lageleg stad for eit slikt festningsanlegg, stupratt ned mot [[Dåsåna]] i vest og svært bratt mot aust og nord. Fjellet ligg lageleg til som signalstasjon (vete), med vidt utsyn både nordover og sørover i Dåsvannsdalen, og vart nok brukt til det føremålet også. Det gjekk ein gamal ferdsleveg frå Hornnes til [[Åseral]] under Kallshovet. | ||
Versjonen frå 4. januar 2015 kl. 11:03

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for Kallshovet, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes.
Ein reknar det som ganske sikkert at det har vore ei bygdeborg på dette fjellet, då det er funne restar av ein nedramla borgmur. Tradisjonelt har arkeologane meint at bygdeborgene stammar frå folkevandringstida eller sein romartid. Det kravde stor arbeidsinnsats å bygge slike festningsanlegg. Borga er nok difor blitt til i ei spesielt uroleg tid, då det var behov for vern mot inntrengjande fiendar. Fjelltoppen er ein lageleg stad for eit slikt festningsanlegg, stupratt ned mot Dåsåna i vest og svært bratt mot aust og nord. Fjellet ligg lageleg til som signalstasjon (vete), med vidt utsyn både nordover og sørover i Dåsvannsdalen, og vart nok brukt til det føremålet også. Det gjekk ein gamal ferdsleveg frå Hornnes til Åseral under Kallshovet.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 49-51, s. 64