Trygve Lund: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Liten språkvask |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]''. jubileumsbok | [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]''. jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010, s. 41 | ||
{{DEFAULTSORT:Lund, Trygve}} | {{DEFAULTSORT:Lund, Trygve}} | ||
Versjonen frå 2. desember 2014 kl. 09:06
| Trygve Lund | ||
|---|---|---|
| Trygve Lund Foto: Foto: Privat/Otra IL
| ||
| Født: | 21. august 1921 | |
| Død: | 11. januar 1966 (44 år) | |
Trygve Lund var fødd i 1921 og døydde brått i 1966. Han var ein av veteranane i det unge idrettslaget Otra IL, som vart skipa då idrettslaga i Evje og Hornnes slo seg saman i 1960.
Trygve Lund var sjølv ein habil skiløpar. Han var ei sentral drivkraft i eit aktivt lokalt skimiljø på Evje på 1960-talet. Han var ein av initiativtakarane til Himmelsynaløpet. Han var formann i det kommunale ungdoms- og idrettsutvalet (KUI) på byrjinga av 1960-talet. Han var leiar i skigruppa i Otra IL 1962-1965. Ei veke før Lund døydde hadde styret vedteke at han skulle tildelast Otra ILs Ærespris.
- I dag står æresprisen her med sørgeflor, som et symbol for at alle idrettsinteresserte i heile distriktet er i sorg. Ein av lagets beste og gildaste menn er gått bort, vart det sagt i minnetalen som blei halden på årsmøtet i Otra IL kort tid etter det triste dødsfallet.
Kjelde
Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie. jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010, s. 41