Notto Dåsnes: Skilnad mellom versjonar
Notto Dåsnes |
s Lagt til kategorier |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
*[[Torbjørn Hansen]], ''Kjekk 80-åring i Hornnes'', omtale av Notto Dåsnes i [[Fædrelandsvennen]], oktober 1970 | *[[Torbjørn Hansen]], ''Kjekk 80-åring i Hornnes'', omtale av Notto Dåsnes i [[Fædrelandsvennen]], oktober 1970 | ||
*[[Torbjørn Hansen | *[[Torbjørn Hansen]], ''Kongens Fortenstmedalje til Notto Dåsnes i Hornnes'', artikkel i Fædrelandsvennen, oktober 1970 | ||
{{DEFAULTSORT:Dåsnes, Notto]] | |||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | |||
[[Kategori:Fødsler i 1890]] | |||
[[Kategori:Bønder]] | |||
Versjonen frå 15. november 2014 kl. 00:08
Notto T. Dåsnes, fødd 5. oktober 1890 på Moseid i Hornnes, var murar, golvslipar, bonde og lokalpolitikar.
Notto Dåsnes var nr. 6 i ein syskjenflokk på 12, og måtte tidleg lære å stå på eigne bein. Som 16-åring starta han som skiftarbeidar i smeltehytta ved Evje nikkelverk. Sidan var han anleggsarbeidar. I 1920 slo han inn på det som skulle bli hovudyrket, sementarbeid. Skulehuset i Voilestø vart eit av dei første muraroppdraga hans. Nokre år seinare drog han til Amerika, og arbeidde som golvslipar i ni år fram til 1932. Då han kom attende til Noreg, dreiv han gardsbruk og kombinerte dette med murararbeid.
Dåsnes kom tidleg med i arbeidarrørsla og lokalpolitikken. I 1922 blei han vald inn i Hornnes kommunestyre. Han var kommunestyrerepresentant i 28 år. Ein stor del av tida var han med i formannskapet, og i nokre år var han òg varaordførar. I likningsnemda sat han i 25 år.
Dåsnes var formann i byggenemda for Hornnesheimen, og i fleire år var han formann i styret for Hornnes Samyrkjelag.
Heider
- Kongens Fortenstmedalje 1970 for lang og tru teneste som småbrukar og lokalpolitikar
Kjelde
- Torbjørn Hansen, Kjekk 80-åring i Hornnes, omtale av Notto Dåsnes i Fædrelandsvennen, oktober 1970
- Torbjørn Hansen, Kongens Fortenstmedalje til Notto Dåsnes i Hornnes, artikkel i Fædrelandsvennen, oktober 1970
{{DEFAULTSORT:Dåsnes, Notto]]