Birkeland (Bygland): Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s →Kart |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
<references/> | <references/> | ||
== Kart == | |||
*[https://www.norgeskart.no/?zoom=13&lat=6563549.676261333&lon=72739.45820874006&backgroundLayer=topo&rotation=0 Birkeland på Norgeskart.no] | |||
[[Kategori:Garder i Bygland]] | [[Kategori:Garder i Bygland]] | ||
Siste versjonen frå 11. juni 2026 kl. 12:45



Birkeland (Bygland gnr. 1) er ein gard på austsida av Otra, lengst nord i Bygland. På andre sida av elva ligg Langeid. Garden er samla i eitt stykke. I vest grensar han til Otra, i nord mot Straume i Valle, og i aust og sør mot Søndre Sordal.
Namnet
Birkeland er eit vanleg gardsnamn i Sør-Noreg. Til dømes er det ein Birkeland-gard i Evje og Hornnes. Namnet skriv seg frå treslaget bjørk, altså ein stad der det veks bjørk.[2]
Historie
Det er registrert fornminne på Birkeland, mellom anna 16 gravrøyser som no er borte. Fornminna skriv seg truleg frå førkristen tid. Sett i samanheng med land-namnet, ein type gardsnamn som forskarane meiner stammar frå folkevandringstida, kan garden truleg ha kome til frå år 400–600 e.Kr.[3]
I Bygland gard og ætt skriv Reidar Vollen at garden må ha blitt nedlagt som eigen gard. Truleg vart han lagt øyde før den store nedgangen rundt midten av 1300-talet. Sidan kom garden under nabogarden Sordal, og blei nytta som støyl og utmark. I åra rundt 1630–1640 blei Birkeland eigen gard att.[4] Dei første brukarane ein kjenner til var Orm Tellefson Birkeland (født ca 1599, død ca 1668) og Notto Tellefson Sordal (født ca 1605, død ca 1673).[5]
Referansar
- ↑ Opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind 1, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 17
- ↑ Bygland gard og ætt, B1, side 17
- ↑ Bygland gard og ætt, B1, side 19
- ↑ Bygland gard og ætt, B1, side 26 og 60