Stakkedalshytta: Skilnad mellom versjonar
s →Kart: kat |
s Lenke KOT |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Stakkedalen 2011.jpg|thumb|Stakkedalen{{byline|Reidar Tveito}}]] | [[Fil:Stakkedalen 2011.jpg|thumb|Stakkedalen{{byline|Reidar Tveito}}]] | ||
'''Stakkedalshytta''' var ei turisthytte i [[Stakkedalen]] i [[Bygland kommune]]. Ho låg inne på heia vest for [[Langeid]]. [[KOT]], som bytta namn til [[DNT Sør]] i 2011, leigde hytta av grunneigarane frå 1949 til 2006. | '''Stakkedalshytta''' var ei turisthytte i [[Stakkedalen]] i [[Bygland kommune]]. Ho låg inne på heia vest for [[Langeid]]. [[Kristiansand og Opplands Turistforening|KOT]], som bytta namn til [[DNT Sør]] i 2011, leigde hytta av grunneigarane frå 1949 til 2006. | ||
Hytta vart sett opp av Turistforeninga i 1949, og det vart nytta materialar frå brakker som sto att i [[Jokleilega]] etter krigen. Ho vart fyrst ombygd i 1955, seinare i 1992, og fekk då 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur mellom Langeid og [[Gaukhei]]. | Hytta vart sett opp av Turistforeninga i 1949, og det vart nytta materialar frå brakker som sto att i [[Jokleilega]] etter krigen. Ho vart fyrst ombygd i 1955, seinare i 1992, og fekk då 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur mellom Langeid og [[Gaukhei]]. | ||
Siste versjonen frå 1. februar 2020 kl. 08:34

Stakkedalshytta var ei turisthytte i Stakkedalen i Bygland kommune. Ho låg inne på heia vest for Langeid. KOT, som bytta namn til DNT Sør i 2011, leigde hytta av grunneigarane frå 1949 til 2006.
Hytta vart sett opp av Turistforeninga i 1949, og det vart nytta materialar frå brakker som sto att i Jokleilega etter krigen. Ho vart fyrst ombygd i 1955, seinare i 1992, og fekk då 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur mellom Langeid og Gaukhei.
I 2006 ville grunneigaren setje opp ny privat hytte på 30 kvm nede i sjølve Stakkedalen. Kommunen sa ja, men direktoratet sa nei, då hytta ville kome i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Grunneigaren fekk då kjøpe Turistforeningas hytte til eige bruk i staden. Stoda løyste seg slik at Turistforeninga fekk ein leigeavtale med eigaren av hytta i Tjønndalen, berre 20 minutts gangtid unna.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: «KOT kan misse Stakkedalshytta.» Artikkel i Setesdølen nr. 85, 2006 side 1 og 4
- Harald Flå: Vandringer i Setesdal Vesthei 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 63.
- Torfinn Normann Hageland: Turisthyttene, KOT Årbok 1997ISBN 82-90164-02-5,side 38.