Sofus Ausland: Skilnad mellom versjonar
personmal |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| (2 mellomliggjande versjonar av éin annan brukar er ikkje viste) | |||
| Line 6: | Line 6: | ||
Frå hausten 1963 var det slutt på den gamle framhaldsskulen, og 9-årig linedelt ungdomsskule vart innført i [[Evje og Hornnes kommune]]. Dette var inngongen til ein ny epoke i den lokale skulesoga. [[Torgrim Dåsnes]] skriv om dette i [[Kultursoge for Evje og Hornnes]]: | Frå hausten 1963 var det slutt på den gamle framhaldsskulen, og 9-årig linedelt ungdomsskule vart innført i [[Evje og Hornnes kommune]]. Dette var inngongen til ein ny epoke i den lokale skulesoga. [[Torgrim Dåsnes]] skriv om dette i [[Kultursoge for Evje og Hornnes]]: | ||
''Ein var her så heldig å få tilsett lektor Sofus Ausland, som fleire år hadde vore tilsett ved Hornnes landsgymnas og vore ein drivande formann i skulenemda. På ein framifrå måte greidde han å bygge opp eit godt pedagogisk grunnlag for skulen og skape eit triveleg miljø for elevar og lærarar under dels vanskelege forhold i startfasen.'' | " - ''Ein var her så heldig å få tilsett lektor Sofus Ausland, som fleire år hadde vore tilsett ved Hornnes landsgymnas og vore ein drivande formann i skulenemda. På ein framifrå måte greidde han å bygge opp eit godt pedagogisk grunnlag for skulen og skape eit triveleg miljø for elevar og lærarar under dels vanskelege forhold i startfasen.''" | ||
Sofus Ausland eigde stor tiltru hos bygdefolket i Hornnes. Han vart vald inn i soknerådet, og blei etter eitt år som medlem vald til formann der. Han var med i kommunestyret, der han representerte Venstre. Ausland var også kyrkjesongar i Hornnes. Han døydde [[15. april 1995]]. | Sofus Ausland eigde stor tiltru hos bygdefolket i Hornnes. Han vart vald inn i soknerådet, og blei etter eitt år som medlem vald til formann der. Han var med i kommunestyret, der han representerte Venstre. Ausland var også kyrkjesongar i Hornnes. Han døydde [[15. april 1995]]. | ||
| Line 18: | Line 18: | ||
[[Kategori:Tidligere ansatte i Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Tidligere ansatte i Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Kirkesangere]] | [[Kategori:Kirkesangere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:V-politikere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1915]] | [[Kategori:Fødsler i 1915]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1995]] | [[Kategori:Dødsfall i 1995]] | ||
Siste versjonen frå 18. februar 2017 kl. 16:06
| Sofus Ausland | ||
|---|---|---|
| Født: | 11. august 1915 | |
| Død: | 15. april 1995 (79 år) | |
Sofus Ingolf Ausland var fødd 11. august 1915 i Gjerstad, men budde mange år i Hornnes. Han var lærar (filolog) og skulestyrar.
Ausland tok examen artium ved Hornnes landsgymnas i 1936 (latinlina), cand. mag.-eksamen i 1940, ped.eks. i 1942 og språkleg-historisk embetseksamen i 1946. Han var lærar i Gjerstad kommune i 1941-1944 og 1949-1950, lektor ved Birkeland gymnas 1946-1949 og lektor ved Vårli realskule for vanføre 1950-1954. I 1954 kom han så attende til Hornnes, for å undervise ved same skulen han 18 år tidlegare hadde teke artium. Han var lektor ved Hornnes landsgymnas i to periodar, i 1954-1963 og 1970-1981. Mellom desse åra, i 1963-1970, var han styrar ved Evje ungdomsskule.
Frå hausten 1963 var det slutt på den gamle framhaldsskulen, og 9-årig linedelt ungdomsskule vart innført i Evje og Hornnes kommune. Dette var inngongen til ein ny epoke i den lokale skulesoga. Torgrim Dåsnes skriv om dette i Kultursoge for Evje og Hornnes:
" - Ein var her så heldig å få tilsett lektor Sofus Ausland, som fleire år hadde vore tilsett ved Hornnes landsgymnas og vore ein drivande formann i skulenemda. På ein framifrå måte greidde han å bygge opp eit godt pedagogisk grunnlag for skulen og skape eit triveleg miljø for elevar og lærarar under dels vanskelege forhold i startfasen."
Sofus Ausland eigde stor tiltru hos bygdefolket i Hornnes. Han vart vald inn i soknerådet, og blei etter eitt år som medlem vald til formann der. Han var med i kommunestyret, der han representerte Venstre. Ausland var også kyrkjesongar i Hornnes. Han døydde 15. april 1995.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 456 og s. 505
- Torbjørn Hansen, 50 år, artikkel om Sofus Ausland sin 50-årsdag i Fædrelandsvennen, august 1965