Dåsåna
Dåsåna er ei sideelv til Otra. Ho renn ut frå vest i Otra ved Dåsnes i Evje og Hornnes kommune. Elva kjem frå Dåsvatn i Dåsvannsdalen. Dei tre viktigaste tillaupa til Dåsvatn er Storebekk, Lislebekk og Yksenåna. Ved Samkom mellom Uleberg og Støylen sluttar sideelva Skjerka seg til Dåsåna.
I følge Oddmund Mogstad har elvenamnet langt tilbake i tid truleg hatt forma Dåsa. Mange elver som ligg nær kvarandre har parallelle namn. Eit døme frå Åseral er Logn (den rolege) og Mån (den ville). Skjerka, som fell ned i Dåsåna, er eit vanleg elvenamn på Agder. Det har kanskje med den «skrattande» eller «urolege» elva å gjere (skark = ståk, uro). Dåsåna er då den «rolege». Mogstad spør seg difor om namnet (Dåsa) kan ha samanheng med det franske ordet douse.
I perioden 2011 til 2015 blei det løyvt 1,5 mill årleg i statlege midlar til kalking av Dåsåna, og det blei investerast for 3,5 mill til kalkingsanlegg i elva. Dåsåna var den einaste elva i Aust-Agder som fekk statlege kalkingsmidlar for denne perioden. To nye kalkingsanlegg blei sette i drift frå 1. januar 2018, Engen kalkanlegg og Skjerka kalkanlegg.
Kjelder
- Kalkingspengar til Dåsåna Notis i Setesdølen nr. 56, 2010 side 2
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 32
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2009, s. 32