Åsvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Åsvegen er ein om lag to km lang grusveg i Evje og Hornnes kommune, på vestsida av Otra, bratt oppover frå Røyrkilen ved fylkesvegen mellom Krossen og Senum til garden Ås høgt oppe i lia ovanfor Otra-dalføret. Vegen er stengd med bom.

Det vart først bygd veg til Ås på byrjinga av 1920-talet. Vegen vart utbetra i 1983. På same tida ble det bygd veg vidare innover (sørover) heia fram til Fennefossfjellet - Fennefossknipavegen. I dei offisielle vegadressene i kommunen heiter heile strekket fram til Fennefossfjellet Åsvegen.

Kjelder

Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 207 og 288

Kart

Laster kart...