Hopp til innhald

Ytre Leitesneset

Frå Setesdalswiki

Ytre Leitesneset er ein stad ved Kilefjorden, nord-aust på Kile, i Hægeland i Vennesla kommune.

I den tida tømmeret blei flota nedover Otra var det ein fast bom mellom Ytre Leitesneset i nord og Fleskeholmen like ved Soga i sør. Bommen hindra tømmeret i å drive inn i bukta ved Kile. Det var eit bomlé om lag 50 meter frå Ytre Leitesnes. Det la til rette for at båtane greitt kunne passere gjennom bommen.

Kjelder

Kart