Hopp til innhald

Fleskeholmen

Frå Setesdalswiki
Soga med Fleskeholmen oppe til høgre i biletet 4. august 2015.

Fleskeholmen er ein liten, glattsliten holme i Kilefjorden, der Otra går over i Soga, på Iveland grunn.

I den tida tømmeret blei flota nedover elva blei det som oftast ført gjennom den smale passasjen mellom Fleskeholmen og Øyna. Flotarane trekte «bommen» med tømmeret heilt inn mot straumen på austsida av holmen. Der kunne dei opne, «slå slarken», og tømmeret blei teke av suget av dei næraste vassmassane. Om det gjekk greit kunne tømmerstokkane nå drive på eiga hand nedover til Gåseflåfjorden.

Kjelder

Kart