Veiågjuvet
Hopp til navigering
Hopp til søk

Veiågjuvet sett vestover frå toppen av Gloppefossen. I bakgrunnen skimtar ein Setesdal.
Foto: Geir Daasvatn
Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekker seg frå Otra nord for Lunden ca 2 km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen. Gjuvet endar brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider.
I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet stig Ruafjødd (1069 moh.) bratt opp frå dalbotnen. Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål.
Kart[endre]
{{#display_map: 59.28055278093327,7.478599548339844~Veiågjuvet Valle}}
Kjelder[endre]
- Johan Christian Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 194 m.fl.
- Tom Egerhei, Fylkesmannen i Aust-Agder, Samlet plan for vassdrag, Vassdragsrapport, Aust-Agder fylke, Bykle kommune, nr. 115 Otra og nr. 31 Brokke, mars 1984