Vassend

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Vassenden)
Hopp til: navigasjon, søk
Vassend og Vassendkilen
Foto: Reidar Tveito

Vassend ligg i sørenden av Byglandsfjorden. Ein ser staden best når ein kjører sørover etter å ha passert rundkøyringa på Byglandsfjord. Etter eit par hundre meter kryssar ein brua over Vassendkilen. Fyrste gong det kom bru over utlaupet av Vassendkilen, var i 1887. Denne vegomlegginga vart markert med to store steinblokker like ved, som etter kvart fekk namnet Ja-benken. I ein periode stod den sørlege bomstasjonen for Riksveg 9 sør for Vassend.

Vassend har gardsnummer 69 i Bygland og det har vore busetnad her i lang tid. Då stasjonsbyen Byglandsfjord vaks fram etter at Setesdalsbanen vart opna i 1896, var det fyrst tale om at endestasjonen skulle heite Vassend. Men NSB hadde ein annan stasjon med dette namnet, så då vart det Byglandsfjord i staden.

Paal Vollen fortalde i eit radioprogram at tidlegare så var Vassend dela i to. Søndre Vassend høyrde til Evje medan Nordre Vassend låg i Bygland. Men så hende det seg slik at Utigardsmannen hadde ein son som hadde vondt for å sleppa gjennom hjå presten. Dette vart Utigardsmannen så vond for, at han søkte seg over til Bygland, og fekk sonen konfirmert hjå den noko mildare byglandspresten.

Alle eigedomane på Byglandsfjord har same gardsnummer som Vassend, og ei av gatene i bygda heiter Vassendgata.

Lyrikaren Helge Vatsend kom frå Vassend.

Kjelde[rediger]

  • "Byglandsfjord 100 år" 1993