Søndre Vassend

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Søndre Vassend var ein gard i Evje til 1855. Då blei garden overført til Bygland. Han gjekk inn i Nordre Vassend, og det nye namnet blei Vassend.

Vandrehistorie[rediger]

Paal Vollen har fortald i eit radioprogram at tidlegare var Vassend dela i to. Søndre Vassend høyrde til Evje, medan Nordre Vassend låg i Bygland. Men så hende det seg slik at Utigardsmannen hadde ein son som hadde vondt for å sleppa gjennom hos presten. Dette vart Utigardsmannen så vond for, at han søkte seg over til Bygland, og fekk sonen konfirmert hos den noko mildare byglandspresten.

Kjelder[rediger]