Vallarheim
Hopp til navigering
Hopp til søk

Vallarheim (t.v.).
Foto: Anders Beer Wilse/Norsk Folkemuseum
Vallarheim var eit hotell på gardsbruket Systog i Viki i Valle. Det var turiststasjon i Viki frå 1888, drive av Dreng T. Bjørnarå. Frå 1891 vart Vallarheim hotell som stod på eigne bein. Dreng Bjørnarå blei hotellvert. Han sette opp ein eigen hotellbygning i 1902. Hotellet var i drift til minst langt ut på 1990-talet. Vertskap frå 1950 var Ingebjørg A. Uppstad og Bjørgulv G. Uppstad.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 314–317
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 287–290